A Big Hunk o' Love
A Big Hunk o' Love Singel av Elvis Presley frå albumet 50,000,000 Elvis Fans Can't Be Wrong Elvis' Gold Records Volume 2 | ||
B-side |
«My Wish Came True» | |
---|---|---|
Utgjeve | 23. juni 1959[1] | |
Innspelt | 10. juni 1958, RCA Victor Studios, Nashville i Tennessee[1] | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 2:12 | |
Selskap | RCA Victor | |
Tekstforfattar | Aaron Schroeder | |
Låtskrivar(ar) | Aaron Schroeder, Sidney Wyche | |
Elvis Presley-kronologi | ||
«I Need Your Love Tonight» (10. mars 1959) |
A Big Hunk o' Love | «Stuck on You» (23. mars 1960)
|
«A Big Hunk o' Love» er ein song skriven av Aaron Schroeder og Sid Wyche eller Sid Jaxon og ført spelt inn av Elvis Presley, som gav ut songen på singel den 23. juni 1959[1] på RCA Victor. Singelen toppa Billboard Hot 100 i to veker.[2]
Presley byrja å spele songen att i 1972 då han heldt konsertar på Las Vegas Hilton i februar 1973, og han var ein del av repertoaret fram til midten av 1973. Han vart framført live siste gongen 26. januar 1974. Songen er med i dokumentarfilmen Elvis On Tour frå 1972 og Aloha from Hawaii frå 1973.
Innspeling
[endre | endre wikiteksten]«A Big Hunk o' Love» vart spelt inn under den første og einaste innspelinga til Presley i løpet av to åra med militærteneste. Innspelinga fann stad 10. juni 1958 i Nashville. Det var første innspelinga der gitaristen Scotty Moore og bassisten Bill Black ikkje var med. Dei hadde begge spelt med Elvis sidan den første innspelinga hans for Sam Phillips i Memphis Recording Service, som seinare vart kjend som Sun Studios. Elvis hadde med seg den faste trommeslagaren D.J. Fontana og korvokalistane The Jordanaires. Resten av musikarane var studiomusikarar frå Nashville, gitarist Hank Garland på gitar, Floyd Cramer på piano, Bob Moore på kontrabass, Buddy Harman og D.J.Fontana på trommer. Songen vart spelt inn på fire opptak, og den utgjevne versjonen var ei samanblanding av opptak tre og fire.[1][3]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Elvis Presley – solovokal
- Hank Garland – sologitar
- Bob Moore – kontrabass
- D.J. Fontana, Buddy Harman – trommer
- Floyd Cramer – piano
- Steve Sholes – produsent
- Bob Ferris – lydteknikar
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]RCA Victor gav ut «A Big Hunk o' Love» med «My Wish Came True» som B-side både i USA og Storbritannia. Då singelen kom ut 23. juni var det den andre utgjevinga til Presley denne innspelinga etter «I Need Your Love Tonight» med «(Now and Then There's) A Fool Such as I» den 10. mars 1959.[1][3]
Singelen låg to veker på toppen av Billboard Hot 100, medan B-sida nådde 12. plassen.[2] Singelen var mindre suksessrik på Cashbox Top 100 der A-sida nådde andreplassen og B-sida 23. plassen.[4] På UK Singles Chart nådde A-sida 4. plassen.[5] A-sida nådde òg 10. plassen på Billboard R&B Singles-lista.[6]
På grunn av suksessen til songen vart den nesten singelen til Elvis ein annan Aaron Schroeder-song, «Stuck on You». «A big Hunk o' Love» var den første av fire Schroeder-songane som vart store hittar for Elvis.[1]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «A Big Hunk o' Love» | Aaron Schroeder, Sid Jaxon | 2:12 |
2. | «My Wish Came True» | Ivory Joe Hunter | 2:32 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «A Big Hunk o' Love» | Schroeder, Sidney Wyche | |
2. | «My Wish Came True» | Hunter | |
3. | «A Big Hunk o' Love – Alt. Take 1» | Schroeder, Wyche |
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- 1959 - Paul Rich
- 1959 - Raketterne
- 1972 - Vince Eager
- 1973 - Trond Granlund
- 1973 - Yuya Uchida & 1815 Super Rock'n Roll Band
- 1974 - Danny
- 1975 - Rupert
- 1976 - Rick Saucedo - The Ambassadors
- 1978 - Tanya Tucker
- 1979 - Heathcliffe
- 1979 - Freddie Falcon
- 1979 - Little Willie & The Boppers
- 1983 - Karel Zich
- 1984 - The Nighthawks
- 1989 - The Residents
- 1989 - George Gakis
- 1992 - Good Rockin' Tonight
- 1994 - Magnum
- 1995 - Bill Hurley
- 1996 - The Paralyzers
- 1997 - The Beatniks
- 1999 - G.I. Blues
- 1999 - Billy Swan
- 1999 - Hubbas
- 2000 - Ty Tender & The Rockin' Fifties
- 2001 - Colin Paul
- 2002 - Ricky Norton and The Hot Rocks
- 2002 - Viva Las Vegas
- 2003 - Crazy Crackers
- 2003 - Terry Buchwald
- 2006 - Billy Burnette
- 2007 - Triple Dynamite
- 2007 - Shawn Camp & Billy Burnette
- 2007 - Karsten Holm
- 2008 - The Jim Jones Review
- 2008 - The Refreshments
- 2008 - Rockin' Pete Anderson
- 2008 - Four Vegas
- 2011 - Henrik Åberg - Jack Baymoore
- 2012 - Ricky Norton med James Burton
- 2016 - Rio - The Voice of Elvis
Songen vart omsett til tysk av Joachim Relin og kalla «Hey Babe», sungen av Ted Herold i 1959. I 1971 spelte Rauli «Badding» Somerjoki ein finskspråkleg versjon av songen kalla «Iso lemmen pala», omsett av Jarkko Laine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «A Big Hunk o' Love» frå Wikipedia på engelsk, den 18. oktober 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 ELV1S: 30 #1 Hits (CD liner). Elvis Presley. RCA Records. 2002. s. 11, 18. 68079-2.
- ↑ 2,0 2,1 Whitburn, Joel (2010). The Billboard Book of Top 40 Hits (9th utg.). Billboard Books. s. 520. ISBN 978-0-8230-8554-5.
- ↑ 3,0 3,1 Jorgensen, Ernst Mikael (1998). Elvis Presley: A Life in Music – The Complete Recording Sessions. New York City: St. Martin's Press. ISBN 0-312-18572-3.
- ↑ «The Cash Box Top 100 Singles: Week Ending 29. august 1959». Cash Box Magazine. Henta 17. oktober 2016.
- ↑ «Featured Artists: Elvis Presley». The Official Charts Company. Henta 17. oktober 2016.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 468.