There Goes My Everything
There Goes My Everything Singel av Jack Greene frå albumet There Goes My Everything | ||
B-side |
«Hardest Easy Thing» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1966 | |
Sjanger | Country | |
Selskap | Decca | |
Komponist | Dallas Frazier | |
Tekstforfattar | Dallas Frazier | |
Låtskrivar(ar) | Dallas Frazier | |
Produsent | Owen Bradley | |
Jack Greene-kronologi | ||
«Ever Since My Baby Went Away» (1966) |
There Goes My Everything | «All the Time» (1967)
|
«There Goes My Everything» er ein popsong skriven av Dallas Frazier og publisert i 1965. Songen er mest kjend med ein versjon frå 1966 av Jack Greene som låg sju veker på toppen av den amerikanske countrylista og totalt 20 veker på lista.[1] Singelen nådde 65. plassen på Billboard Hot 100. Songen vann òg fleire prisar, mellom anna årets singel og årets song under CMA Awards. I tillegg vann albumet songen kom ut på prisen for årets album, og Greene vann prisen for årets mannlege vokalist. «There Goes My Everything» vert i dag rekna som ein countrystandard og er blitt spelt inn av mange artistar.
Songen
[endre | endre wikiteksten]Songen handlar om eit par som går frå kvarandre, men årsak er eit mysterium. Songaren seier han kan høyre ei stemme som kallar han «darling», som verkar urimeleg når eit par kranglar medan dei flyttar frå kvarandre. Songen skildrar kjenslene til songaren, medan kjærasten går frå han. Han forstår kor mykje ho meinte for han no når han mistar ho - «There goes my reason for living/There goes the one of my dreams/There goes my only possession/There goes my everything».
Lister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1966) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot Country Singles | 1 |
U.S. Billboard Hot 100 | 65 |
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- I 1967 nådde Engelbert Humperdinck 20. plassen på Billboard Hot 100 med sin versjon og andreplassen på UK Singles Charts.[2]
- I 1971 nådde Elvis Presley topp 10 på countrylista med sin versjon, som vart gjeven ut på albumet Elvis Country (I'm 10,000 Years Old).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «There Goes My Everything» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 143.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits: Eighth Edition. Record Research. s. 296.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Songar frå 1965
- Songar på toppen av Billboard Hot Country Songs-lista
- Jack Greene-songar
- Elvis Presley-songar
- Ferlin Husky-songar
- Songar skrivne av Dallas Frazier
- Songar produserte av Owen Bradley
- Engelbert Humperdinck-songar
- Ray Price-songar
- Loretta Lynn-songar
- George Jones-songar
- Tammy Wynette-songar
- Kitty Wells-songar
- Jean Shepard-songar
- Dottie West-songar
- Patti Page-songar
- Billy Vaughn-songar
- Hank Snow-songar
- Tennessee Ernie Ford-songar
- Johnny Paycheck-songar
- Anne Murray-songar
- Webb Pierce-songar
- Don Gibson-songar
- Nana Mouskouri-songar
- Al Martino-songar
- Slim Whitman-songar
- Glen Campbell-songar
- Roger Whittaker-songar
- Floyd Cramer-songar
- Christer Sjögren-songar
- Vikingarna-songar
- Wanda Jackson-songar