If I Can Dream
If I Can Dream Singel av Elvis Presley | ||
B-side |
«Edge of Reality» | |
---|---|---|
Utgjeve | 5. november 1968 | |
Innspelt | Juni 1968 | |
Sjanger | rock, Pop | |
Lengd | 3:10 | |
Selskap | RCA Records | |
Låtskrivar(ar) | Walter Earl Brown | |
Elvis Presley-kronologi | ||
«A Little Less Conversation» (1968) |
If I Can Dream | «Memories» (1969)
|
«If I Can Dream» er ein song gjort kjend av Elvis Presley, skriven av Walter Earl Brown[1] og kjend for dei direkte sitata frå Martin Luther King jr.. Songn vart publisert av songforlaget til Elvis Presley, Gladys Music Inc. Han vart spelt inn av Presley i juni 1968, to månader etter drapet på King. Innspelinga vart først gjeven ut offentleg som siste songen frå '68 Comeback Special-programmet til Presley.
Sjølv om songen teknisk sett ikkje er ein gospelsong, framførte Presley songen med intensiteten og intonasjonane frå southern gospel. Han har sidan vore gjeven ut på forskjellige samlealbum med gospelmusikk av Presley.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Brown vart beden om å skrive ein song for å erstatte «I'll Be Home for Christmas» som den store finalen på NBC-programmet «Elvis» (20.-23. juni 1968). Han skreiv «If I Can Dream» og då Presley høyrde songen sa han «Eg skal aldri synge ein song til eg ikkje trur på. Eg skal aldri lage ein film til eg ikkje trur på.»[3]
Steve Binder, som produserte TV-sendinga til Presley i 1968, har ofte snaka om opphavet til «If I Can Dream». Presley og Binder såg etter ein måte å avslutte showet på. Dei to hadde diskutert kor sjokkert dei var over drapet på Martin Luther King jr. og Bobby Kennedy. Binder bad så W. Earl Brown, ein låtskrivar som arbeidde for showet, om å kome med ein song om temaet som Presley kunne avslutte showet med. Så sjølv om Presley ikkje skreiv songen, vart det synspunktet hans som vart uttrykt i songen.[4]
Songen vart publisert av Elvis Presley-selskapet Gladys Music, Inc.
Då Earl Brown synte fram songen sa Colonel Tom Parker: «Det er ikkje ein Elvis-aktig song.» Elvis var òg der og sa: «Eg vil prøve han, mann.» Earl Brown sa at då Elvis spelte inn songen såg Brown tårer som rann ned kinna på dei tre korsongarane. Ein av dei sa til han: «Elvis har aldri sunge ein song med så mykje kjensler før. Han meiner kvart ord.»[5]
Innspeling og suksess
[endre | endre wikiteksten]Songen vart gjeven ut på singel før sendinga i desember det året, i november 1968, med «Edge of Reality» som B-side. Han låg på Billboard Hot 100 i 13 veker, og nådde 12. plassen med meir enn ein million eksemplar;[3] sjølv om RIAA berre har sertifisert songen med gullplate (for 500 000 selde eksepmlar).[6] I Canada nådde songen sjetteplassen på RPM-lista.[7]
I popkulturen
[endre | endre wikiteksten]- Barry Manilow spelte inn songen på albumet Live on Broadway i 1990.
- På American Idol 6, song Celine Dion «If I Can Dream» som ein duett med Presley, ved hjelp av spesialeffektar. Denne vart seinare gjeven ut på The Best of Celine Dion & David Foster (2012).
- I CBS-miniserien Elvis frå 2005 vart innspelinga av songen spelt av Jonathan Rhys Meyers (som spelar Elvis i serien) der han mimer til songen.
- I 2010 spelte Terry Venables inn ein versjon av songen i samband med den britiske avisa The Sun. Denne vart spelt inn i lag med eit 60 mann stort Royal Philharmonic Orchestra med Harry Redknapp og Ian Wright og filma på Wembley stadion
- I 2015 vart ein ny versjon med originalvokalen til Elvis Presley spelt inn med Royal Philharmonic Orchestra og gjeven ut på Elvis Forever og på albumet albumet med same namn som nådde toppen av salslistene i Australia, Skottland og UK Albums Chart.
- I 2015 og 2016 spelte òg Paal Flaata, Vidar Busk og Stephen Ackles songen på En storslått hyllest til Elvis-turneen sin.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «If I Can Dream» frå Wikipedia på engelsk, den 28. desember 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «IF I CAN DREAM». ACE Title Search. American Society of Composers, Authors and Publishers. Arkivert frå originalen 4. april 2012. Henta 28. desember 2016.
- ↑ «Elvis Presley - Elvis Inspirational - Amazon.com Music».
- ↑ 3,0 3,1 «Elvis-TheKingsCourt».
- ↑ «The Singer not the Song - Classic Pop Icons».
- ↑ Barry Manilow The Complete Collection and Then Some... heft, s. 42, 1992 Arista Records - red. Maureen Lasher.
- ↑ «RIAA - Gold & platina Searchable Database - 25. desember 2015». riaa.com.
- ↑ «Search: RPM».