Good Times av Elvis Presley
Good Times Studioalbum av Elvis Presley | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. mars 1974 | |
Innspelt | 21. juli til 16. desember 1973 | |
Sjanger | Country, softrock | |
Lengd | 29:23 | |
Selskap | RCA Records | |
Produsent | Felton Jarvis | |
Elvis Presley-kronologi | ||
---|---|---|
Elvis: A Legendary Performer Volume 1 (1974) |
Good Times | Elvis Recorded Live on Stage in Memphis (1974)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Rough Guides | [2] |
Good Times er eit studioalbum frå 1974 av Elvis Presley og det 20. studioalbumet hans i rekkja.
Albumet var bygd opp rundt førstevala frå ei innspeling i Stax Studios i Memphis i desember 1973 og to songar, «I've Got a Thing About You Baby» og «Take Good Care of Her», som var att etter innspelinga i Stax i juli 1973. Songane på albumet har varierande stil og sjanger. Albumet kom ut same dag som innspelinga av Elvis: As Recorded Live On Stage In Memphis vart gjort, og tittelen kom frå songen «Talk About the Good Times». Mange songane er coverversjonar av hittar på den tida, som «Spanish Eyes» og «She Wears My Ring». Albumet hadde ein viss suksess då det kom ut og gjekk til topps på Cashbox-lista og gjekk inn på albumlista i Storbritannia.
Originale eksemplar av LP-en med klistermerke på omslaget er særs sjeldne og går for store summar på auksjonsstader.
Albumet inneheldt to singlar, som begge vart hittar: «I've Got a Thing About You Baby» som nådde fjerdeplassen på country-lista og 39. plassen på poplista, og «My Boy» som gjekk til topps på Adult Contemporary-lista, 14. plassen på countrylista og 20. plassen på poplista.[3]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Originalutgåve
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Take Good Care of Her» | Arthur Kent, Edward C. Warren | 21. juli 1973 | 2:50 |
2. | «Loving Arms» | Tom Jans | 13. desember 1973 | 2:48 |
3. | «I Got a Feelin' in My Body» | Dennis Linde | 10. desember 1973 | 3:33 |
4. | «If That Isn't Love» | Dottie Rambo | 16. desember 1973 | 3:29 |
5. | «She Wears My Ring» | Felice Bryant, Boudleaux Bryant | 16. desember 1973 | 3:12 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «I've Got a Thing About You Baby» | Tony Joe White | 22. juli 1973 | 2:20 |
2. | «My Boy» | Bill Martin, Phil Coulter, Jean-Pierre Bourtayre, Claude François | 13. desember 1973 | 3:19 |
3. | «Spanish Eyes» | Bert Kaempfert, Eddie Snyder, Charles Singleton | 16. desember 1973 | 2:21 |
4. | «Talk About the Good Times» | Jerry Reed | 14. desember 1973 | 2:22 |
5. | «Good Time Charlie's Got the Blues» | Danny O'Keefe | 13. desember 1973 | 3:09 |
Follow That Dream-utgåva
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- J.D. Sumner & The Stamps - korvokal
- Mike Leech - strykar- og blåsearrangement
- Glen Spreen - string arrangement on «I've Got a Thing About You Baby»
- Al Pachucki, Dick Baxter, Mickey Crofford, Mike Moran - lydteknikarar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Good Times (Elvis Presley album)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juni 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Good Times av Elvis Presley på Allmusic
- ↑ Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 149. ISBN 1-84353-417-7.
- ↑ Good Times av Elvis Presley på Allmusic
- ↑ «Elvis Presley Albums». Softshoe-slim.com. Arkivert frå originalen 18. februar 2012. Henta 18. oktober 2011.
- ↑ til i dagation-elvis-presley «Good Times» Check
|url=
value (hjelp). Elvis Presley Shop. For Elvis Fans Only / Elvis Australia. 2014. Henta 21. juni 2017.[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- CPL1-0475 Good Times Guide på The Elvis Presley Record Research Database
- AFL1-0475 Good Times Guide på The Elvis Presley Record Research Database
- Good Times på Discogs (liste over utgjevingar)