Hopp til innhald

Girls! Girls! Girls! av Elvis Presley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Girls! Girls! Girls!)
Girls! Girls! Girls!
Filmmusikkalbum av Elvis Presley
Språk engelsk
Utgjeve 9. november 1962
Innspelt Mars 1962
Sjanger Pop, rock
Lengd 29:04
Selskap RCA Victor
Produsent Joseph Lilley
Elvis Presley-kronologi 
Pot Luck
(1962)
Girls! Girls! Girls! It Happened at the World's Fair
(1963)
Singlar frå Girls! Girls! Girls!
  1. «Return to Sender» / «Where Do You Come From»
    Utgjeve: 2. oktober 1962
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars[1]

Girls! Girls! Girls! er det 16. albumet til Elvis Presley, gjeven ut på RCA Victor Records i mono og stereo, i november 1962. Innspelinga fann stad i Radio Recorders i Hollywood 26. til 28. mars 1962. Det nådde tredjeplassen på Top LP's-lista i USA. Albumet selde til gullplate den 13. august 1963 hos Recording Industry Association of America.[2]

Sidan filmmusikkalbum til Presley selde langt betre enn dei vanlege albuma (Blue Hawaii selde ti gonger så mykje som Pot Luck with Elvis) vart Presley nøydd til å skrive songar forma for lett underhaldning og filmar med vakre bakgrunnar og vakre kvinner.[3] Filmmusikken fekk derfor fokus frå og med dette albumet.

Det vart spelt inn seksten songar under innspelinga i mars, der 13 av dei hamna på filmmusikkalbumet.[4] Sidan Jerry Leiber og Mike Stoller vart avvist etter å ha hamna på kant med the Colonel, måtte songane dei skreiv for dette albumet alt ha blitt skrivne før den tid. Det same vart The Coasters-hitten frå 1961 som Presley spelte inn for filmen.[5] Denne songen og to andre, «Return to Sender» og «Because of Love», finst på samlealbumet Command Performances: The Essential 60's Masters II frå 1995.

Songane «Return to Sender» og «Where Do You Come From» vart gjevne ut på singel i oktober 1962, ein månad før albumet kom. «Return to Sender» vart ein stor hit for Presley og nådde andreplassen på Billboard Hot 100, medan B-sida, «Where Do You Come From», nådde 99. plassen.[6]

Selskapet Follow That Dream gav ut ein utvida versjon av albumet i 2007, med alternative opptak og songar som ikkje hamna på det originale albumet.[7]

Original release

[endre | endre wikiteksten]
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspelingLengd
1.«Girls! Girls! Girls!»Jerry Leiber og Mike Stoller27. mars 19622:34
2.«I Don't Wanna Be Tied»Bill Giant, Bernie Baum, Florence Kaye28. mars 19622:08
3.«Where Do You Come From»Ruth Bachelor og Bob Roberts27. mars 19622:08
4.«I Don't Want To»Janice Torre og Fred Spielman26. mars 19622:42
5.«We'll Be Together»Charles O'Curran og Dudley Brooks28. mars 19622:17
6.«A Boy Like Me, A Girl Like You»Sid Tepper og Roy C. Bennett27. mars 19622:20
7.«Earth Boy»Sid Tepper og Roy C. Bennett28. mars 19622:24
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspelingLengd
1.«Return to Sender»Otis Blackwell og Winfield Scott27. mars 19622:09
2.«Because of Love»Ruth Bachelor og Bob Roberts27. mars 19622:34
3.«Thanks to the Rolling Sea»Bill Giant, Bernie Baum, Florence Kaye26. mars 19621:31
4.«Song of the Shrimp»Sid Tepper og Roy C. Bennett27. mars 19622:21
5.«The Walls Have Ears»Sid Tepper og Roy C. Bennett27. mars 19622:32
6.«We're Comin' In Loaded»Otis Blackwell and Winfield Scott26. mars 19621:24

Follow That Dream-utgåva

[endre | endre wikiteksten]
Originalalbum
Nr.TittelLengd
1.«Girls! Girls! Girls!»2:34
2.«I Don't Wanna Be Tied»2:08
3.«Where Do You Come From»2:08
4.«I Don't Want To»2:42
5.«We'll Be Together»2:17
6.«A Boy Like Me, A Girl Like You»2:20
7.«Earth Boy»2:24
8.«Return to Sender»2:09
9.«Because Of Love»2:34
10.«Thanks to the Rolling Sea»1:31
11.«Song of the Shrimp»2:21
12.«The Walls Have Ears»2:32
13.«We're Coming In Loaded»1:24
Nye bonussongar
Nr.TittelLengd
14.«Mama»1:00
15.«Plantation Rock»1:57
16.«Dainty Little Moonbeams" / "Girls! Girls! Girls»1:57
Alternative opptak
Nr.TittelLengd
17.«A Boy Like Me, A Girl Like You»4:50
18.«Mama»3:21
19.«Thanks to the Rolling Sea»1:36
20.«Where Do You Come From»2:09
21.«Earth Boy»3:31
22.«We'll Be Together»3:36
23.«Mama»4:04
24.«I Don't Wanna Be Tied»2:26
25.«A Boy Like Me, A Girl Like You»3:37
26.«Thanks to the Rolling Sea»1:26
27.«Plantation Rock»2:30
28.«Mama»1:20
29.«Mama»2:19
30.«Mama»0:44
31.«Mama»2:20

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
  1. Allmusic review
  2. «Searchable database». RIAA. Recording Industry Association of America. 2013. Henta 27. november 2016.  Merk: Søk for "Girls, Girls, Girls"
  3. Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; pp. 164-165, 172.
  4. Jorgensen, op. cit., s. 169-170.
  5. Jorgensen, op. cit., p. 173.
  6. Jorgensen, op. cit., p. 415.
  7. «Girls! Girls! Girls!». Elvis Presley: Official Site of the King of Rock 'n' Roll. Elvis Presley Enterprises, Inc. 2013. Henta 27. november 2016. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]