Hopp til innhald

Frankie and Johnny av Elvis Presley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frankie and Johnny
Filmmusikkalbum av Elvis Presley
Språk engelsk
Utgjeve 1. mars 1966
Innspelt Mai 1965
Sjanger Pop
Lengd 26:40
Selskap RCA Victor
Produsent Fred Karger
Elvis Presley-kronologi 
Harum Scarum
(1965)
Frankie and Johnny Paradise, Hawaiian Style
(1966)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic[1]1/5 stars

Frankie and Johnny er det 25. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor Records i mono og stereo, LPM/LSP 3553, i mars 1966. Innspelinga fann stad i Radio Recorders i Hollywood, 12. til 14. mai 1965. Albumet nådde 20. plassen på Top LP's-lista.[2] Albumet selde til gull- og platinaplate 6. januar 2004 i USA.[3]

Sidan filmen føregjekk på 1800-talet, vart det nytta somme tradisjonelle songar i filmen. «When the Saints Go Marching In» er ein gammal gospelsalme som har blitt ein jazzstandard og knytt til tradisjonell hot jazz frå New Orleans. Han vart spelt i ein medley med «Down by the Riverside», ein annan tradisjonell gospelsong frå denne tida. Begge er i offentleg eige.[4] Tittelsongen «Frankie and Johnny», er ein variant av ein amerikansk populær song som først vart publisert i 1904 og tilskriven Hughie Cannon. Med ny tekst vart opphavsretten sikra for Gladys Music, songforlaget til Presley.[5]

Det vart spelt inn tolv songar for Frankie and Johnny, og alle vart brukte i filmen. Tittelsongen vart gjeven ut på singel i lag med «Please Don't Stop Loving Me» som b-side. Han vart gjeven ut like før eller samstundes med albumet. «Frankie and Johnny» nådde 25. plassen på Billboard Hot 100, medan B-sida nådde 45. plassen.[6]

Pickwick- og Follow That Dream-utgåvene

[endre | endre wikiteksten]

I 1970-åra fekk Pickwick Records leige rettane til fleire av innspelinga til Presley frå RCA og gav ut filmmusikkalbumet på ny i 1976 med eit nytt omslag og tittelen endra til Frankie & Johnny. Rekkjefølgja på songane vart endra og tre songar vart fjerna — «Chesay», «Look Out Broadway» og «Everybody Come Aboard». Omslaget indikerer ikkje at dette var ei nyutgjeving, og det var det einaste filmmusikkalbumet hans som vart gjeve ut på denne måten. Det nådde ikkje Billboard 200. Plata var i trykk i fleire år fram til Presley døydde i august 1977 og RCA gav ut alle albuma hans på ny, men avtalen med Pickwick hindra RCA å gje ut dette albumet. Det var derfor ikkje tilgjengeleg att i USA før i 2010 då Frankie and Johnny kom ut på ny.

I 2003 vart Frankie and Johnny gjeve ut på ny på selskapet Follow That Dream i ei spesialutgåve med originalalbumet og mange alternative opptak.[7]

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Original release

[endre | endre wikiteksten]
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«Frankie and Johnny»Alex Gottlieb, Fred Karger, Ben Weisman14. mai 19652:32
2.«Come Along»David Hess12. mai 19651:52
3.«Petunia, the Gardener's Daughter»Roy C. Bennett og Sid Tepper14. mai 19652:59
4.«Chesay»Ben Weisman, Fred Karger, Sid Wayne14. mai 19651:39
5.«What Every Woman Lives For»Doc Pomus og Mort Shuman13. mai 19652:27
6.«Look Out, Broadway»Fred Wise og Randy Starr14. mai 19651:40
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«Beginner's Luck»Roy C. Bennett og Sid Tepper12. mai 19652:34
2.«Down by the Riverside» og «When the Saints Go Marching In»Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye12. mai 19651:56
3.«Shout It Out»Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye13. mai 19652:17
4.«Hard Luck»Ben Weisman and Sid Wayne13. mai 19652:51
5.«Please Don't Stop Loving Me»Joy Byers13. mai 19652:02
6.«Everybody Come Aboard»Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye14. mai 19651:51

Pickwick-utgåva

[endre | endre wikiteksten]
Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Frankie and Johnny»2:32
2.«Come Along»1:52
3.«What Every Woman Lives For»2:27
4.«Hard Luck»2:51
5.«Please Don't Stop Loving Me»2:02
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Down by the Riverside» og «When the Saints Go Marching In»1:56
2.«Petunia, the Gardener's Daughter»2:59
3.«Beginner's Luck»2:34
4.«Shout It Out»2:17

«Chesay», «Look Out, Broadway» og «Everybody Come Aboard» var ikkje med på denne utgåva

Follow That Dream-utgåva

[endre | endre wikiteksten]
Originalalbumet
Nr.TittelLengd
1.«Frankie and Johnny»2:32
2.«Come Along»1:50
3.«Petunia, the Gardener's Daughter»2:58
4.«Chesay»1:36
5.«What Every Woman Lives For»2:25
6.«Look Out, Broadway»1:38
7.«Beginner's Luck»2:25
8.«Down by the Riverside" / "When the Saints Go Marching In»1:54
9.«Shout It Out»2:15
10.«Hard Luck»2:50
11.«Please Don't Stop Loving Me»2:25
12.«Everybody Come Aboard»1:49
Alternative opptak
Nr.TittelLengd
13.«Frankie and Johnny» (opptak 1)2:55
14.«Please Don’t Stop Loving Me» (opptak 10)2:13
15.«Everybody Come Aboard» (opptak 1 & 2)2:42
16.«Chesay» (opptak 1)1:58
17.«Petunia, the Gardeners Daughter» (opptak 2)2:53
18.«Look Out, Broadway» (opptak 3, 4, 5)2:22
19.«Please Don’t Stop Loving Me» (opptak 1, 2, 3)3:00
20.«Shout It Out» (opptak 1, 2, 3)3:31
21.«Everybody Come Aboard» (opptak 9, 10)2:09
22.«Chesay» (opptak 3 & 6)3:16
23.«Look Out, Broadway» (opptak 6, 7, 8)2:13
24.«Petunia, The Gardeners Daughter» (opptak 5)3:23
25.«Please Don’t Stop Loving Me» (opptak 7)2:10
26.«Frankie and Johnny» (opptak 3 & 4 [record version])2:45
27.«Frankie and Johnny» (filmversjon)7:01

År Lister Plassering
1966 Billboard Pop Albums 20

Salstrofé

[endre | endre wikiteksten]
Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[8] Platina 1 000 000^

  1. «Frankie and Johnny - Elvis Presley». AllMusic. Henta 1. desember 2016. 
  2. «Pop Albums». Elvis Presley: Official Site of the King of Rock 'n' Roll. Elvis Presley Enterprises, Inc. 2013. Arkivert frå originalen 1. desember 2016. Henta 1. desember 2016. 
  3. «Searchable database». RIAA. Recording Industry Association of America. 2013. Henta 30. november 2016.  Merk: Søk på «Frankie and Johnny»
  4. Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 195.
  5. Jorgensen, op. cit., s. 196.
  6. Jorgensen, op. cit., s. 417.
  7. Kjelder:
  8. «American album salstrofé – Elvis Presley – Frankie and Johnny». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH