Hopp til innhald

She's Not You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
She's Not You
Singel av Elvis Presley
B-side

«Just Tell Her Jim Said Hello»

Utgjeve 17. juli 1962
Innspelt 19. mars 1962, RCA Studios, Nashville[1]
Sjanger Rhythm and blues
Lengd 2:09
Selskap RCA Victor
Låtskrivar(ar) Jerry Leiber, Mike Stoller, Doc Pomus[1]
Produsent Steve Sholes og Chet Atkins[1]
Elvis Presley-kronologi 
«Good Luck Charm»
(1962)
She's Not You «Return to Sender»
(1962)


«She's Not You» er ein song frå 1962 spelt inn av Elvis Presley og publisert av Gladys Music, songforlaget til Presley. «She's Not You» nådde femteplassen på Billboard Hot 100 og 13. plassen på R&B-lista.[2] I Storbritannia gjekk singelen til topps på singellista og låg er i tre veker.[3] Songen vart skriven av Doc Pomus i lag med Leiber og Stoller. Han var også den første songen til å nå førsteplassen på den nye irske singellista (Irish Charts), 5. oktober 1962.[4]

Andre versjonar

Chris Isaak spelte songen i 2011 for albumet Beyond the Sun.

Ein tysk versjon vart skriven av Joachim Relin og kalla «Du schaust mich». Denne vart framført av Gerd Böttcher med Werner Müller und sein Orchester i 1962. Joey Galimi skreiv ein fransk tekst til songen kalla «Ce n'est pas toi» som vart framført av Johnny Farago i 1968. Ein dansk versjon vart skriven av Bamse og framført av Bamses venner i 1976 som «Softicemaskinen»

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 66. ISBN 0-85112-250-7. 
  2. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 468. 
  3. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 141. ISBN 1-904994-10-5. 
  4. «Songwriters Doc Pomus and Mort Shuman». www.elvis.com.au. Henta 27. mars 2008. 

Bakgrunnsstoff