Promised Land av Chuck Berry
Promised Land Song av Chuck Berry frå albumet St. Louis to Liverpool | ||
Utgjeve | 1964 | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 2:24 | |
Selskap | Chess Records | |
Låtskrivar(ar) | Chuck Berry | |
---|---|---|
Produsent | Leonard Chess, Philip Chess |
«Promised Land» er ein songtekst skriven av Chuck Berry til melodien til «Wabash Cannonball», ei USA-amerikansk folkevise. Songen vart først spelt inn av Chuck Berry i denne versjonen i 1964 for albumet hans St. Louis to Liverpool. Songen kom ut i desember 1964 og var den første singelen Berry gav ut etter at han hadde sete i fengsel for ein Mann Act-dom.
I teksten omtalar songaren seg sjølv som «the poor boy» og fortel om reisa si frå Norfolk i Virginia til «Det lova landet», Los Angeles, og nemner forskjellige byar i det søraustlege USA som han reiser gjennom. Songen har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar.
Bakgrunn
Berry skreiv songen medan han framleis var i fengsel, og lånte eit atlas frå fengselsbiblioteket for å skildre ruta. Han skilra seg sjølv som ein «fattig gut» og går ombord på ein Greyhound-buss i Norfolk i Virginia. Bussen køyrer gjennom Raleigh i Nord-Carolina, stoppar i Charlotte i Nord-Carolina, forbi Rock Hill i Sør-Carolina. Bussen køyrer ut av Atlanta, men får motorhavavri og han vert stranda i sentrum av Birmingham i Alabama. Han tar så eit tog «over Mississippi» til New Orleans. Frå der dreg han til Houston, der han kjøper ein silkedress, bagagsje og ein flybillett til Los Angeles. Då han landar i Los Angeles, ringjer han attende til Norfolk for å fortelje at han har nådd «Det lova landet».
Andre versjonar
Det finst mange versjonar av songen:
- I 1964 gav Johnny Rivers songen ut på konsertalbumet In Action.
- Grateful Dead framførte songen 425 gonger frå juli 1971 til den siste konserten til bandet i 1995;[1] konsertopptak finst på nesten 50 av konsertalbuma til bandet,[2] inkludert Steal Your Face frå 1976.
- I 1971 gav Johnnie Allan ut ein Cajun-versjon i USA. Han vart gjeven ut i 1974 i Storbritannia.
- I 1971 spelte Dave Edmunds inn ein versjon for albumet Rockpile. Han gav òg ut songen på singel i 1972 og denne nådde femteplassen på den australske singellista.
- I 1972 gav Freddy Weller ut ein versjon på albumet med same namn. Denne nådde topp 5 på countrylista.
- I 1972 gav bandet Juicy Lucy ut ein versjon på albumet deira Pieces.
- I 1973 spelte The Band inn «Promised Land» for det sjette albumet deira Moondog Matinee.
- I desember 1973 spelte Elvis Presley inn ein kraftfull versjon av songen. Denne kom ut på singel 27. september 1974 og nådde 14. plassen på Billboard-lista og niandeplassen på UK Singles Chart hausten 1974.[3] Songen kom òg ut på albumet Promised Land. Presley-versjonen vart nytta i filmen Men in Black i 1997.
- I 1974 spelte James Taylor inn ein versjon på albumet hans Walking Man.
- I 1977 vart han spelt inn av countryartisten Billy «Crash» Craddock på albumet hans Live!.
- I 1983 spelte Meat Loaf inn songen for albumet Midnight at the Lost and Found.
- I 1984 spelte The Black Sorrows inn ein versjon for debutalbumet, Sonola.
- I 2007 gav Geno Delafose ut ein zydecoversjon på albumet hans Le Cowboy Creole.
- I 2009 spelte W.A.S.P. inn ein versjon av songen på albumet Babylon.[4]
- I 2014 gav Harry Dean Stanton ut ein versjon på filmmusikkalbumet i dokumentarfilmen om han, Partly Fiction.[5]
- I 2014 gav Jerry Lee Lewis ut ein versjon av songen på albumet hans Rock & Roll Time
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Promised Land (Chuck Berry song)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juni 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The SetList Program - Grateful Dead Setlists, Listener Experiences, and Statistics». Setlists.net. Henta 24. juni 2017.[daud lenkje]
- ↑ «Grateful Dead Family Diskografi - The Promised Land». deaddisc.com. Henta 24. juni 2017.
- ↑ 2nd to None. Elvis Presley. Columbia Records. 2003.
- ↑ «Covered Berries». Official Chuck Berry Website. Arkivert frå originalen 19. mars 2013. Henta 3 May 2010.
- ↑ «Harry Dean Stanton: Partly Fiction on LP». musicdirect.com. Arkivert frå originalen 31. desember 2014. Henta 1 September 2014.
Bakgrunnsstoff
- Songar frå 1964
- Singlar frå 1965
- Singlar frå 1975
- Chess Records-singlar
- Songar skrivne av Chuck Berry
- Chuck Berry-songar
- Elvis Presley-songar
- Bill Haley-songar
- Grateful Dead-songar
- Billy «Crash» Craddock-songar
- Dave Edmunds-songar
- The Band-songar
- James Taylor-songar
- Meat Loaf-songar
- W.A.S.P.-songar
- Jerry Lee Lewis-songar
- Songar om Los Angeles