Kentucky Rain
Kentucky Rain Singel av Elvis Presley | ||
B-side |
«My Little Friend» | |
---|---|---|
Utgjeve | 29. januar 1970 | |
Innspelt | 19. februar 1969 i American Sound Studio i Memphis i Tennessee | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 3:20 | |
Selskap | RCA 9791 | |
Låtskrivar(ar) | Eddie Rabbitt, Dick Heard | |
Produsent | Chips Moman | |
Elvis Presley-kronologi | ||
«Don't Cry Daddy»
(1969) |
Kentucky Rain | «The Wonder of You»
(1970)
|
«Kentucky Rain» var ein song av Elvis Presley i 1970. Ronnie Milsap spelte piano på innspelinga og han vart skriven av Eddie Rabbitt og Dick Heard. Songen vart innspelt i American Sound Studio. Singelen nådde 16. plassen på poplista i USA.
«Kentucky Rain» vart utgjeven på singel den 29. januar 1970, og var ein av dei tidlege hittane i 1970-åra for Elvis sjølv om songen ikkje kom med på samlealbumet Worldwide 50 Gold Award Hits Vol. 1 (LPM-6401). Songen kom ut på nyutgjevinga av From Elvis in Memphis i 2000, men var ikkje med på originalalbumet frå 1969. På konsertane i Las Vegas i februar 1970, spelte han songen på kvar konsert, og introduserte han som ein ny song «som kjem ut om ei veke». Konsertversjonar finst i plateboksane Elvis Aaron Presley og Live in Las Vegas. Songen omhandlar ein uroa kjærast som leiter etter kjæasten sin med han går gjennom regnet i Kentucky.
Lister
Lister (1970) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100 | 16 |
U.S. Billboard Adult Contemporary | 3 |
U.S. Billboard Hot Country Singles | 31 |
Canada RPM Top Singles | 10 |
Canada RPM Adult Contemporary Tracks | 4 |
Canada RPM Country Tracks | 1 |
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Kentucky Rain» frå Wikipedia på engelsk, den 30. desember 2016.