Mystery Train
Mystery Train Singel av Little Junior's Blue Flames | ||
B-side |
«Love My Baby» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1953 | |
Innspelt | September–oktober 1953 i Memphis Recording Service i Memphis i Tennessee | |
Sjanger | Blues, elektrisk blues, Memphis blues[1] | |
Lengd | 2:20 | |
Selskap | Sun 192 | |
Komponist | Junior Parker, Sam Phillips | |
Tekstforfattar | Junior Parker, Sam Phillips | |
Låtskrivar(ar) | Junior Parker | |
Produsent | Sam Phillips |
«Mystery Train» er ein song skriven og spelt inn av den amerikanske bluesmusikaren Junior Parker i 1953.
Historie
Junior Parker (òg kjend som Herman Parker) og oppført som «Little Junior's Blue Flames», spelte inn songen, som no vert rekna som ein bluesstandard,[2] for produsenten og Sun Records-eigaren Sam Phillips. Songen vart gjeven ut på Sun. Han vart skriven av Junior Parker, men Phillips vart seinare oppført som låtskrivar.[3]
Ein kommentator sa «Eit av mysteria med 'Mystery Train' er kvar tittelen kom frå. Tittelen er ikkje nemnd i songen».[3] Songen har ein tekst som minnar om tekstar ein finn i den amerikanske tradisjonelle folkevise til Carter Family, «Worried Man Blues», som igjen er basert på ein gammal keltisk ballade,[2] og som vart den mestseljande singelen deira i 1930:[4]
- The train arrived sixteen coaches long
- The train arrived sixteen coaches long
- The girl I love is on that train and gone
Parker sin tekst er:
- Train I ride sixteen coaches long
- Train I ride sixteen coaches long
- Well, that long black train carries my baby home[5]
«Mystery Train» var oppfølgjaren til Junior Parker sin «Feelin' Good» (Sun 187) frå 1953, som nådde femteplassen på R&B-lista. Med seg hadde Parker (vokal) bandet «Blue Flames», som ein trur på den tida bestod av Floyd Murphy (gitar),[6] William Johnson (piano), Kenneth Banks (bass), John Bowers (trommer) og Raymond Hill (tenorsaksofon).[3]
Elvis Presley-versjonen
Mystery Train Singel av Elvis Presley | ||
A-side |
«I Forgot to Remember to Forget» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | August 1955 | |
Innspelt | 11. juli 1955 at Memphis Recording Service, Memphis i Tennessee | |
Sjanger | Rockabilly[5] | |
Lengd | 2:24 | |
Selskap | Sun 223 | |
Komponist | Junior Parker, Sam Phillips | |
Tekstforfattar | Junior Parker, Sam Phillips | |
Låtskrivar(ar) | Junior Parker, Sam Phillips[7] |
Elvis Presley sin versjon av «Mystery Train»[5] kom først ut 20. august 1955 som B-sida til «I Forgot to Remember to Forget» (Sun 223). Presley-versjonen vart rangert på 77. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidenen i 2003.[8] Han vart igjen produsert av Sam Phillips i Sun Studios, og bestod av Presley på vokal og rytmegitar, Scotty Moore på sologitar og Bill Black på bass. Moore brukte ein countryaktig spelestil,[9] og mot slutten kan ein høyre eit ekko av «Sixteen Tons» av Merle Travis frå 1946.[10] For Presley sin versjon av «Mystery Train», lånte Scotty Moore òg gitarriffet fråJunior Parker sin «Love My Baby» (1953), som var spelt av Pat Hare.[11]
Victor gav ut ein popversjon av songen av The Turtles akkompagnert av Hugo Winterhalter and his Orchestra (Victor 6356) i desember 1955. Dette bandet er lite truleg 60-talspopgruppa med same namn, sidan songaren i den gruppa berre var åtte år på den tida.
I lag med «I Forgot to Remember to Forget» nådde singelen Topp 10 på countrylista til Billboard.[12]
RCA Victor gav ut at innspelinga i desember 1955 (#47-6357) etter at dei fekk tak i kontrakten til Presley. Denne utgåva av songen nådde 11. plassen på den nasjonale Billboard Country-lista.
«Mystery Train» vert i dag rekna som ein «klassikar».[13] Singelen var den første innspelinga som gjorde Elvis Presley til ei nasjonal countrystjerne.[14]
Black, som hadde suksess med the Bill Black Combo, hadde ein gong besøk heime i huset sitt i Memphis, då han peikte på ein innramma LP med «Mystery Train» på vegen og sa «Det der var ei plate.»[15]
Presley sin versjon vart nytta i Jim Jarmusch-filmen med same namn.
The Band-versjonen
I 1973 skreiv Robbie Robertson frå The Band meir tekst til «Mystery Train», etter å ha fått lov av Sam Phillips, og gruppa spelte inn sin versjon av songen for albumet Moondog Matinee. Dei spelte seinare songen i lag med Paul Butterfield på «farvel»-konserten deira The Last Waltz i 1976.[16]
Andre innspelingar
Mange andre musikarar har spelt inn «Mystery Train», som:
- 1965 – Sam the Sham and the Pharaoahs på albumet On Tour.
- 1965 – Vince Melouney spelte songen med Robin Gibb og Maurice Gibb på korvokal. Songen var på albumet hans, Punkville.
- 1965 – The Paul Butterfield Blues Band frå The Paul Butterfield Blues Band
- 1967 – Ricky Nelson frå Country Fever.
- 1969 – Bob Dylan og Johnny Cash under innspelinga av Nashville Skyline[17]
- 1970 – The Doors på Live in Detroit (utgjeve 2000), Live in Philadelphia '70 (utgjeve 2005), Live in Boston (utgjeve 2007), og i Pittsburgh som ein del av «Black Train Song» frå The Doors: Box Set i 1997.
- 1970 – Roger Miller frå Roger Miller 1970
- 1972 – Chet Atkins og Jerry Reed frå Me & Chet
- 1974 – Alvin Lee frå In Flight
- 1976 – Kingfish frå Kingfish in Concert: King Biscuit Flower Hour (utgjeve 1996)
- 1977 – Jerry Garcia Band frå Pure Jerry: Theatre 1839, July 29 & 30, 1977 (utgjeve 2004)
- 1980 – UFO frå No Place to Run
- 1981 – Tom Fogerty frå Deal It Out
- 1981 – The Soft Boys med Robyn Hitchcock frå Two Halves for the Price of One (live); ein annan versjon òg på 1976-81 (utgjeve 1992)
- 1981 – Gene Summers frå Gene Summers in Nashville
- 1983 – Neil Young frå Everybody's Rockin'
- 1986 – Emmylou Harris frå Thirteen
- 1986 – The Flying Burrito Brothers frå Live from Europe
- 1990 – The Neville Brothers frå Brother's Keeper
- 1992 – Stray Cats frå Choo Choo Hot Fish
- 2005 – Rick Danko frå Cryin' Heart Blues (med Paul Butterfield)
- 2010 – Robert Gordon og Link Wray frå Live Fast, Love Hard! (innspelt 1978)
- 2012 – The Grascals frå Life Finds a Way
Bok
I 1975 publiserte rockeforfattaren Greil Marcus[18][19][20] boka Mystery Train: Images of America in Rock 'n' Roll Music,[21] inspirert av Elvis Presley-innspelinga av Junior Parker-songen.[19]
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Mystery Train» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bill Dahl. «Junior Parker | Biography & History». AllMusic. Henta 1. oktober 2016.
- ↑ 2,0 2,1 Herzhaft, Gerard (1992). Encyclopedia of the Blues. University of Arkansas Press. s. 463. ISBN 1-55728-252-8.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Escott, Colin (1990). Mystery Train (liner notes). Rounder Records. s. 1–2. CD SS 38.
- ↑ «American Experience | The Carter Family: Will the Circle Be Unbroken». Pbs.org. Henta 1. oktober 2016.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Gilliland, John (1969). «Show 8 - The All American Boy: Enter Elvis and the rock-a-billies. [Part 2]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu.
- ↑ Floyd Murphy is a brother of Matt «Gitar» Murphy. Dahl, Bill (1996). All Music Guide to the Blues. Miller Freeman Books. s. 197. ISBN 0-87930-424-3.
- ↑ Burke, Ken and Dan Griffin. The Blue Moon Boys - The Story of Elvis Presley's Band. Chicago Review Press, 2006. pg. 48. ISBN 1-55652-614-8
- ↑ «Search Articles, Artists, Reviews, Videos, Music and Movies». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 9. april 2010. Henta 1. oktober 2016.
- ↑ Blue Moon Boys. page 48
- ↑ Tosches, Nick. Country - the Twisted Roots of Rock 'n' Roll. DeCapo Press, 1985. pg 54. ISBN 0-306-80713-0
- ↑ Gillett, Charlie (1984). The sound of the city: the rise of rock and roll (Rev. utg.). New York: Pantheon Books. ISBN 0-394-72638-3. Henta 1. oktober 2016..
- ↑ Billboard, 17. desember 1955. Reviews of New Pop Records. s.56 and 61.
- ↑ Burke, Ken and Griffin, Dan. The Blue Moon Boys - The Story of Elvis Presley's Band. Chicago Review Press, 2006, s. 46. ISBN 1-55652-614-8
- ↑ Collins, Ace (1996). The Stories Behind Country Music's All-time Greatest: 100 Songs. New York: The Berkeley Publishing Group. s. 94–96. ISBN 1-57297-072-3.
- ↑ Burke, Ken and Griffin, Dan. The Blue Moon Boys - The Story of Elvis Presley's Band. Chicago Review Press, 2006, s. 152.
- ↑ Moondog Matinee (1973) liner notes
- ↑ Gray, Michael (2006). The Bob Dylan Encyclopedia. New York-London: Continuum International. s. 127. ISBN 0-8264-6933-7.
- ↑ "Greil Marcus: a life in writing" by Simon Reynolds, The Guardian, 17 februar 2012
- ↑ 19,0 19,1 "Just a Book? No, More Like a Trusty Companion" by Dwight Garner, The New York Times, 2. september 2015
- ↑ "A Conversation With Greil Marcus: 'Mystery Train' Keeps Rolling at 40" by Rob Sheffield, Rolling Stone, 19. oktober 2015
- ↑ Marcus, Greil. Mystery Train: Images of America in Rock 'n' Roll Music; Plume; 5th edition: 25. mars 2008; ISBN 978-0452289185
Bakgrunnsstoff
78: «I Got You (I Feel Good)» James Brown |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 77 «Mystery Train» Elvis Presley |
76: «Strawberry Fields Forever» The Beatles |
- Junior Parker-songar
- Bluessongar
- Elvis Presley-songar
- Songar frå 1953
- Singlar frå 1953
- Rockabilly-songar
- Tom Fogerty-songar
- Gene Summers-songar
- Bob Dylan-songar
- Neil Young-songar
- Ricky Nelson-songar
- The Band-songar
- Ronnie McDowell-songar
- Emmylou Harris-songar
- Paul Simon-songar
- Jerry Reed-songar
- Bruce Springsteen-songar
- Jimmy Velvit-songar
- Songar om tog
- Songar produserte av Sam Phillips
- Sun Records-singlar
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone
- Paul Butterfield-songar