I Got a Woman
I Got a Woman Singel av Ray Charles frå albumet Ray Charles | ||
A-side | ||
---|---|---|
B-side | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1954 | |
Innspelt | Atlanta i Georgia, 1954 | |
Sjanger | Jump blues, rhythm and blues | |
Lengd | 2:31 | |
Selskap | Atlantic 45-1050 | |
Komponist | Ray Charles, Renald Richard | |
Tekstforfattar | Ray Charles, Renald Richard | |
Låtskrivar(ar) | Ray Charles og Renald Richard | |
Produsent | Jerry Wexler | |
Ray Charles-kronologi | ||
«Losing Hand» | I Got a Woman | «This Little Girl of Mine»
(1955)
|
«I Got a Woman» (opphavleg kalla «I've Got a Woman»)[1][2] er ein song av den amerikanske R&B/soulmmusikaren Ray Charles, gjeven ut på singel i desember 1954 på Atlantic med «Come Back Baby» på B-sida. Begge sidene kom seinare ut på albumet Ray Charles i 1957 (seinare kalla Hallelujah I Love Her So).
Opphav
Songen byggjer på «It Must Be Jesus» av Southern Tones, som Ray Charles lytta til på radio då han var på turne med bandet sitt sommaren 1954. Han og eit bandmedlem, trompetisten Renald Richard, skreiv ein song i gospel-snøggleik med ein verdsleg tekst og eit jazzinspirert rhythm and blues-akkompagnement. Songen var ein av prototypane på det som seinare vart kalla «soul» etter Charles gav ut «What'd I Say» nesten fem år seinare.
Innspeling
Songen vart spelt inn seint i 1954 i Atlanta-studioet ved Georgia Tech-radiostasjonen WGST. Det var den første hitten til Charles og han klarta raskt til toppen av &B-lista i januar 1955.[3] Charles fortalte Pop Chronicles at han framførte songen i meir enn eit år før han spelte han inn 18. november 1954.[4] Songen førte til fleire hittar for Charles i perioden då han var på Atlantic. Songen vart seinare rangert på 239. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene, ein av fem Charles-songar på lista.[5] Ray Charles spelte inn songen på ny som «I Gotta Woman» (ABC-Paramount 10649) og denne nådde 79. plassen på Billboard pop-lista i 1965.[6]
The Beatles-versjonen
I Got a Woman Song av The Beatles frå albumet Live at the BBC og On Air - Live at the BBC Volume 2 | ||
Utgjeve | 30. november 1994 (Live at the BBC)
11. november 2013 (On Air - Live at the BBC Volume 2) | |
Innspelt | 16. juli 1963 (Live at the BBC)
31. mars 1964 (On Air - Live at the BBC Volume 2) | |
Lengd | 2:48 (Live at the BBC)
2:36 (On Air - Live at the BBC Volume 2) | |
Selskap | Apple | |
Komponist | Ray Charles, Renald Richard | |
Tekstforfattar | Ray Charles, Renald Richard | |
Låtskrivar(ar) | Ray Charles | |
---|---|---|
Produsent | Terry Henebery |
The Beatles spelte inn to versjonar av songen for BBC-radio. Den første versjonen vart spelt inn 16. juli 1963 på BBC Paris Theatre i London for Pop Go The Beatles. Denne versjonen vart først gjeven ut i 1994 på samlealbumet Live at the BBC.
Den andre versjonen vart spelt inn 31. mars 1964 ved Playhouse Theatre i London for Saturday Club-radioshowet. Denne versjonen vart gjeven ut i 2013 for On Air – Live at the BBC Volume 2 og er kortare enn Live at the BBC-versjonen.[7]
Medverkande
- John Lennon - vokal, rytmegitar
- Paul McCartney - bass
- George Harrison - sologitar
- Ringo Starr - trommer[7]
Andre versjonar
Andre versjonar som nådde pop- eller R&B-lista i USA er versjonane til Jimmy McGriff (#20 pop, #5 R&B, 1962), Freddie Scott (#48 pop, 1963) og Ricky Nelson (#49 pop, 1963).[6]
Songen er òg blitt spelt av andre artistar, som
- Elvis Presley - Elvis Presley (1956)
- Bill Cosby
- Bill Wyman's Rhythm Kings
- The Barbarians
- Anneke van Giersbergen
- Baby Face Willette
- Fred McDowell
- Jo Stafford (omskriven og spelt inn som «I Got a Sweetie»)
- Bobby Darin
- Ace Cannon
- Adam Faith
- Booker T. & the M.G.'s
- Roy Orbison
- Al Kooper
- The Honeydrippers
- The Monkees
- Ricky Nelson
- Stevie Wonder
- Snooks Eaglin
- Johnny Cash og June Carter
- John Mayer Trio
- Them
- John Hammond
- Bill Haley & His Comets
- Jamie Cullum
- Sonny Terry & Brownie McGhee
- Jayson Slack
- Tom Petty and the Heartbreakers
- Gibson Brothers
- Andrew Wild
- Kermit Ruffins & Rebirth Brass Band
- Bryan Adams
- Ramblin' Jack Elliott
- Sammy Davis Jr.
- Toots & the Maytals
- Jimmy Smith
- Pink Anderson
- Paolo Nutini
- Alonzo Pennington
- Johnny Hallyday
- John Scofield
- John Mayer
- The Routers
- Johnny Rivers (1964)
- Martin Solveig
- Lightnin' Hopkins
- Espen Lind, Askil Holm, Kurt Nilsen og Alejandro Fuentes - Hallelujah - Live
Bandet Dire Straits nemner songen i sin eigen song, «Walk of Life», frå 1985 på albumet Brothers in Arms 2:44 uti songen.
Kanye West-songen «Gold Digger» inneheld eit sample (og ein interpolasjon under introen) av songen. Refrenget på «I Got a Woman» er sungen gjennom songen av Jamie Foxx, som spelte Charles i biografifilen Ray i 2004.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «I Got a Woman» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 74.
- ↑ 2,0 2,1 Label shot, Atlantic 1050
- ↑ Dahl, Bill (18. november 1954). «Allmusic.com». Allmusic.com. Henta 28. september 2016.
- ↑ «Show 15 - The Soul Reformation: More on the evolution of rhythm and blues. [Part 1] : UNT Digital Library». Digital.library.unt.edu. Henta 28. september 2016.
- ↑ «Rolling Stone's 500 Greatest Songs Of All Time». Rolling Stone. April 7, 2011. Henta November 3, 2015.
- ↑ 6,0 6,1 Whitburn, Joel (2003). Top Pop Singles 1955-2002 (1st utg.). Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. s. 847. ISBN 0-89820-155-1.
- ↑ 7,0 7,1 «I Got A Woman | The Beatles Bible». www.beatlesbible.com. Henta 28. august 2016.
240: «Planet Rock» Afrika Bambaataa and the Soul Sonic Force |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 239 «I Got a Woman» Ray Charles |
238: «Everyday» Buddy Holly and the Crickets |
- Songar frå 1954
- Singlar frå 1955
- Songar skrivne av Ray Charles
- Songar på toppen av Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista
- Ray Charles-songar
- Elvis Presley-songar
- Bill Haley-songar
- The Beatles-songar
- Van Morrison-songar
- Bill Cosby-songar
- Jo Stafford-songar
- Bobby Darin-songar
- John Mayer-songar
- Johnny Cash-songar
- Booker T & the MGs-songar
- Jimmy Smith-songar
- George Benson-songar
- Sammy Davis jr.-songar
- Tom Petty-songar
- Howlin' Wolf-songar
- José Feliciano-songar
- Carl Perkins-songar
- Freddy Fender-songar
- Grammy Hall of Fame Award
- Atlantic Records-singlar
- Songar produserte av Jerry Wexler
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone