Thank God It's Christmas
Thank God It's Christmas Singel av Queen | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. november 1984 | |
Innspelt | 1984 | |
Sjanger | rock, julemusikk | |
Lengd | 4:19 | |
Selskap | EMI, Capitol | |
Komponist | Brian May, Roger Taylor | |
Tekstforfattar | Roger Taylor | |
Låtskrivar(ar) | Brian May og Roger Taylor | |
Produsent | Queen, Reinhold Mack | |
Queen-kronologi | ||
«Hammer to Fall» (1984) |
Thank God It's Christmas | «One Vision» (1985)
|
«Thank God It's Christmas» er ein julesong av det britiske rockebandet Queen. Han vart skriven av sologitaristen Brian May og trommeslagaren Roger Taylor.
Songen vart gjeven ut på singel 26. november 1984, og han låg seks veker på den britiske singellista over jul og nyår 1984, og nådde 21. plassen på lista.[1]
Songen vart ikkje gjeven ut på eit studioalbum av Queen, og kom berre ut på Greatest Hits III, som kom i 1999, og som B-side til singelen «A Winter's Tale» frå albumet Made in Heaven i 1995. Songen vart òg gjeve ut på ein bonus-EP som følgde luksusutgåvene av albumet The Works i 2011.
Det vart ikkje laga musikkvideo til songen, og han blir derfor sjeldan spelt på fjernsyn og er derfor ein mindre kjend julesong. Songen finst på fleire samleplater med julemusikk. Ei av dei er Now That's What I Call Christmas som kom i 1985, men som vart sletta i 1989.
Den fulle 12"-versjonen finst på julesamlinga The Edge Of Christmas med ein ekstra trommeintro. Han finst òg på den amerikanske samleboksen The Queen Collection.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]7" vinyl
[endre | endre wikiteksten]EMI / QUEEN 5
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Thank God It's Christmas» | Brian May, Roger Taylor | 4:22 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Man on the Prowl» | Freddie Mercury | 3:30 |
2. | «Keep Passing the Open Windows» | Mercury | 5:22 |
12" vinyl
[endre | endre wikiteksten]EMI / 12QUEEN 5
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Thank God It's Christmas» | May, Taylor | 4:19 |
2. | «Man on the Prowl» (Extended version) | Mercury | 5:56 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Keep Passing the Open Windows» (Extended version) | Mercury | 6:50 |
Lister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1984) | Plassering |
---|---|
UK Singles Chart[2][3] | 21 |
Irish Singles Chart[4] | 8 |
Liste (1985) | Plassering |
Den austerrikske singellista[5] | 21 |
Den tyske singellista[6] | 57 |
Liste (2015) | Plassering |
---|---|
Den danske singellista[7] | 36 |
Polen (Den polske Topp 5-lista)[8] | 39 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Freddie Mercury - solo- og korvokal
- Brian May - elektrisk gitar, synthesiser, korvokal
- Roger Taylor - trommer, trommemaskin, sleigh bells, synthesiser, korvokal
- John Deacon - bassgitar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Thank God It's Christmas» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juli 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Chart Stats - Queen - Thank God It's Christmas». Henta 24. februar 2009.
- ↑ «everyhit.com search results». Henta 24. februar 2009.
- ↑ «Chart Stats -». Henta 24. februar 2009.
- ↑ «irishcharts.ie search results». Henta 24. februar 2009.
- ↑ «Queen - Thank God It's Christmas - austriancharts.at». Henta 24. februar 2009.
- ↑ «charts-surfer.de search results». Henta 24. februar 2009.
- ↑ http://www.hitlisten.nu/default.asp?list=t40
- ↑ "Listy bestsellerów, wyróżnienia :: Związek Producentów Audio-Video". Den polske Topp 5-lsita. ZPAV. Henta 18. mai 2016.