Jealousy av Queen
Jealousy Singel av Queen frå albumet Jazz | ||
B-side |
Fun It | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | April 1979 | |
Innspelt | 1978 | |
Sjanger | Glamrock | |
Lengd | 3:14 | |
Selskap | EMI, Elektra | |
Komponist | Freddie Mercury | |
Tekstforfattar | Freddie Mercury | |
Låtskrivar(ar) | Freddie Mercury | |
Produsent | Queen og Roy Thomas Baker | |
Queen-kronologi | ||
«Mustapha» (1979) |
Jealousy | «Love of My Life» (live) (1979)
|
Jealousy er ein song av det britiske rockebandet Queen, gjeven ut i 1978 på det sjuande studioalbumet deira, Jazz, og eitt år seinare som den fjerde og siste singelen frå albumet. Han var skriven av Freddie Mercury.[1]
Songen vart berre gjeven ut på singel i seks land, USA, Canada, Brasil, New Zealand og Sovjetunionen, men gjekk ikkje inn på salslistene noko stad. Singelen var den første og einaste singelen til bandet i Sovjetunionen. I Sovjetunionen var B-sida «Don't Stop Me Now», men i dei andre landa var B-sida «Fun It». I 1980 var songen på ei liste songar for sommar-OL 1980 som vart halde i Moskva.[2]
«Jealousy» vart skriven av Mercury. May spelar sin Hairfred akustisk gitar med små stykke pianostreng under gitarbanda for å skape den «summande» effekten til ein sitar. Denne effekten var alt blitt nytta tidlegare på «White Queen (As It Began)», frå Queen II. All vokal var sungen av Mercury.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Freddie Mercury - solo- og korvokal, piano
- Brian May - akustisk gitar
- Roger Taylor - trommer
- John Deacon - bassgitar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jealousy (Queen song)» frå Wikipedia på engelsk, den 30. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.allmusic.com/song/jealousy-mt0041498363
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 3. mars 2016, henta 30. juni 2016