Teo Torriatte (Let Us Cling Together)
Teo Torriatte (Let Us Cling Together) Singel av Queen frå albumet A Day At The Races | ||
B-side |
Good Old-Fashioned Lover Boy | |
---|---|---|
Språk | japansk, engelsk | |
Utgjeve | 25. mars 1977 (berre i Japan) | |
Innspelt | Juli - november 1976 | |
Sjanger | rock | |
Lengd | 5:57 (album) 4:55 (singel) | |
Selskap | Elektra (Japan) | |
Komponist | Brian May | |
Tekstforfattar | Brian May | |
Låtskrivar(ar) | Brian May | |
Produsent | Queen | |
Queen-kronologi | ||
«Tie Your Mother Down» (1977) |
Teo Torriatte (Let Us Cling Together) | «Good Old-Fashioned Lover Boy» (Queen's First EP) (1977)
|
«Teo Torriatte (Let Us Cling Together)» er ein song av Queen frå 1976 på albumet A Day at the Races. Han vart skriven av gitaristen Brian May, som avslutningssongen på albumet.
Songen er kjend for å ha to refreng sungne på japansk. Han vart gjeven ut som singel berre i Japan, der han nådde 49. plassen på listene.[1] B-sida til singelen var «Good Old-Fashioned Lover Boy». Dei henta inn eit lokalt kor til å synge refrenget på slutten. Songen vart avslutta med ein kort instrumental, som er ein reprise av starten på «Tie Your Mother Down» i starten av albumet. Dette var meint å skape ein «sirkel» på albumet, slik til dømes Pink Floyd ofte gjorde.
Songen vart framført i Tokyo under Jazz-turneen i 1979 og igjen då bandet vitja Japan i 1981 og 1982.
«Teo Torriatte» vart spelt inn av den japanske songaren Kokia i 2008 på julealbumet hennar Christmas Gift, og av Mêlée i 2010.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Freddie Mercury - solo- og korvokal
- Brian May - elektrisk gitar, piano, harmonium, plastic piano, korvokal
- Roger Taylor - trommer, tamburin, korvokal
- John Deacon - bassgitar
- Ukjend - kor på slutten
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Teo Torriatte (Let Us Cling Together)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: