Frankie and Johnny er det 25. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor Records i mono og stereo, LPM/LSP 3553, i mars 1966. Innspelinga fann stad i Radio Recorders i Hollywood, 12. til 14. mai 1965. Albumet nådde 20. plassen på Top LP's-lista.[2] Albumet selde til gull- og platinaplate 6. januar 2004 i USA.[3]
Det vart spelt inn tolv songar for Frankie and Johnny, og alle vart brukte i filmen. Tittelsongen vart gjeven ut på singel i lag med «Please Don't Stop Loving Me» som b-side. Han vart gjeven ut like før eller samstundes med albumet. «Frankie and Johnny» nådde 25. plassen på Billboard Hot 100, medan B-sida nådde 45. plassen.[6]
I 1970-åra fekk Pickwick Records leige rettane til fleire av innspelinga til Presley frå RCA og gav ut filmmusikkalbumet på ny i 1976 med eit nytt omslag og tittelen endra til Frankie & Johnny. Rekkjefølgja på songane vart endra og tre songar vart fjerna — «Chesay», «Look Out Broadway» og «Everybody Come Aboard». Omslaget indikerer ikkje at dette var ei nyutgjeving, og det var det einaste filmmusikkalbumet hans som vart gjeve ut på denne måten. Det nådde ikkje Billboard 200. Plata var i trykk i fleire år fram til Presley døydde i august 1977 og RCA gav ut alle albuma hans på ny, men avtalen med Pickwick hindra RCA å gje ut dette albumet. Det var derfor ikkje tilgjengeleg att i USA før i 2010 då Frankie and Johnny kom ut på ny.
I 2003 vart Frankie and Johnny gjeve ut på ny på selskapet Follow That Dream i ei spesialutgåve med originalalbumet og mange alternative opptak.[7]
↑«Pop Albums». Elvis Presley: Official Site of the King of Rock 'n' Roll. Elvis Presley Enterprises, Inc. 2013. Arkivert frå originalen 1. desember 2016. Henta 1. desember 2016.
↑«Searchable database». RIAA. Recording Industry Association of America. 2013. Henta 30. november 2016. Merk: Søk på «Frankie and Johnny»
↑Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 195.