Double Trouble av Elvis Presley
Double Trouble Filmmusikkalbum av Elvis Presley | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. juni 1967 | |
Innspelt | Mai 1963, juni 1966 | |
Sjanger | rock, pop | |
Lengd | 22:36 | |
Selskap | RCA Victor | |
Produsent | Jeff Alexander | |
Elvis Presley-kronologi | ||
---|---|---|
How Great Thou Art
(1967) |
Double Trouble | Clambake
(1967) |
Singlar frå Double Trouble | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Double Trouble er det 29. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor i mono og stereo som LPM/LSP 3787 i juni 1967. Innspelinga fann stad i Radio Recorders og i MGM Studios i Hollywood i California, den 28. til 30. juni 1966.[2] Albumet nådde 47. plassen på Billboard 200.[3]
Innhald
Presley hadde vanlegvis insistert på å arbeide i komfortable, vanlege lydstudio, og hadde unngått dei store, lydtette filmstudioa. Sjefane i MGM som ønskte å halde budsjettet lågt, insisterte på å flytte filmmusikkinnspelinga nettopp til eit slikt studio.[4] Ein frustrert Presley gjekk med på dette, men dropen rann over då han måtte syngje «Old MacDonald», og han storma ut av studio i sinne etter å ha gjort ferdig ein særs kort master-innspeling av «Long Legged Girl (with the Short Dress On).»[4] Denne songen vart gjeven ut på singel seint i april, før filmen hadde premiere. Singelen nådde berre 63. plassen på Billboard Hot 100.
Etter det entusiastiske gospelalbumet How Great Thou Art som vart spelt inn månaden før i Nashville, gjekk Presley her attende til å kverne ut plater og filmar som raskt gjekk i gløymeboka.[5] Sjølv utgjevingsdatoen for Double Trouble var uheldig - same dagen som The Beatles gav ut landemerket Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band, og same dagen som David Bowie gav ut debutalbumet sitt.
Det vart spelt inn ni songar for filmen og dei vart berre i alt 17 minuttar og 11 sekund, altfor kort for eit vanleg album. For å auke speletida vart det lagt til tre sognar frå innspeligna til eit «tapt album» i mai 1963, slik at lengda på albumet kom like over tjue minuttar.[6] To songar vart alt gjevne ut som b-sider til singlar, «Never Ending», som var B-sida til eit fire år gammalt albumspor, «Such a Night» og «Blue River» som var B-sida til det åtte år gamle sporet «Tell Me Why."[7] «It Won't Be Long» vart spelt inn for filmen, men ikkje nytta.
I 2004 vart Double Trouble gjeven ut på ny på Follow That Dream i ei spesialutgåve med originalalbumet og mange alternative opptak.[8]
Medverkande
- Elvis Presley − vokal
- The Jordanaires − korvokal
- Richard Noel − trombone
- Boots Randolph − saksofon
- Butch Parker, Mike Henderson − saksofon («City by Night»)
- Pete Drake − pedal steel gitar
- Scotty Moore − elektrisk gitar
- Tiny Timbrell − akustisk gitar
- Mike Deasy − elektrisk gitar («City by Night»)
- Charlie McCoy − munnspel
- Floyd Cramer − piano
- Bob Moore − kontrabass
- Jerry Scheff − bassgitar («City by Night»)
- D.J. Fontana, Buddy Harman − trommer
- Toxey Sewell − trommer («City by Night»)
Innhald
Originalutgåve
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Double Trouble» | Doc Pomus og Mort Shuman | 29. juni 1966 | 1:38 |
2. | «Baby, If You'll Give Me All of Your Love» | Joy Byers | 29. juni 1966 | 1:47 |
3. | «Could I Fall in Love» | Randy Starr | 28. juni 1966 | 1:42 |
4. | «Long Legged Girl (With the Short Dress On)» | Leslie McFarland, Walter Scott | 29. juni 1966 | 1:27 |
5. | «City by Night» | Bill Giant, Bernie Baum, Florence Kaye | 28. juni 1966 | 3:04 |
6. | «Old MacDonald» | Randy Starr | 29. juni 1966 | 2:04 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «I Love Only One Girl» | Sid Tepper og Roy C. Bennett | 29. juni 1966 | 1:52 |
2. | «There Is So Much World to See» | Randy Starr | 28. juni 1966 | 1:53 |
3. | «It Won't Be Long» (bonusspor) | Ben Weisman og Sid Wayne | 29. juni 1966 | 1:44 |
4. | «Never Ending» (bonusspor) | Buddy Kaye og Phil Springer | 26. mai 1963 | 1:57 |
5. | «Blue River» (bonusspor) | Paul Evans og Fred Tobias | 27. mai, 1963 | 2:11 |
6. | «What Now, What Next, Where To» (bonusspor) | Hal Blair og Don Robertson | 26. mai 1963 | 1:56 |
Follow That Dream-utgåva
Spor 1-12 er originalalbumet
|
|
Lister
Album
År | Lister | Plassering |
---|---|---|
1967 | Billboard Pop Albums | 47 |
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Double Trouble (Elvis Presley album)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. desember 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ «Keith Flynn's Elvis Presley pages». Keith Flynn. 2015. Henta 6. desember 2016.
- ↑ Double Trouble av Elvis Presley på Allmusic
- ↑ 4,0 4,1 Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 221.
- ↑ Jorgensen, op. cit., s. 222.
- ↑ Jorgensen, op. cit., s. 179.
- ↑ Jorgensen, op. cit., s. 75.
- ↑ Kjelder:
- «Follow That Dream releases». Elvispresleyshop. Elvis Australia. 2015. Arkivert frå originalen 13. mars 2019. Henta 6. desember 2016.
- «Double Trouble». Shopelvis. ABG EPE IP LLC. 2015. Henta 6. desember 2016.