Lov om sameige er ei norsk lov som gjeld der to eller fleire saman eig noko fullt ut. Eigarskapsforholdet er gjerne uttrykt i partar etter delings- eller høvetal. Eigardelane speglar ideelt eigarskap og viser ikkje til ei fysisk oppdeling av sameigetingen, ettersom ei slik eigarordning fell utanfor virkeområdet til sameigelova. Ein sameigeting er etter lova meint å famne breitt, og forarbeida viser mellom anna til at ein sameigeting kan vere ein hest, eit piano, ein bustad eller ei utmark.
Formålet til lova er å harmonere eigarforhold når eigedomsretten er på fleire hender. Lova sikrar den einskildes like bruksrett, og regulerer situasjonar der eigarane har ulike interesser. Den har også reglar for når ein kan krevje at sameiget skal opphøyra. Bakgrunnen for sameigelova var eit ønske om like reglar for sameige av ulikearta formuesgode. Før lovvedtakinga vart rettsspørsmål om dette løyst av domstolsskapte rettsreglar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.