Umayyadane var eit arabisk dynasti som styrte det islamske riket frå 661 til 750. Umayyadane var den første slekta som var kalifar i det arabisk-islamske riket. Kalifatet var eit av historias største imperium og vart styrt frå Damaskus i Syria.
Faktaboks
- Uttale
- omayyˈadane
- Også kjend som
-
umayyadene; umajjadene; omayyadene; omajjadene
I denne første tida var arabarane først og fremst erobrarar og hadde særlege fordelar framfor andre muslimar. Det førte til uro ettersom fleire ikkje-arabarar omvende seg til islam og førte til slutt til ein revolusjon som leda til umayyadanes fall.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.