Kanaaneisk var eit semittisk språk som blei snakka i Kanaan dei to siste tusenåra fvt. I byrjinga av 1000-talet fvt. blei det splitta opp i fleire nærståande dialektar, som fønikisk og hebraisk. I løpet av dei siste 500 åra fvt. døydde dei kanaaneiske dialektane i stor grad ut som talemål, ved at dei blei fortrengde av arameisk.
Faktaboks
- Uttale
- kanaanˈeisk
Kanaan er eit gamalt namn på eit område langs austkysten av Middelhavet som i dag utgjer Israel, Palestina, Libanon og høglandet langs elva Jordan og det sørvestlege Syria.
Kanaaneisk høyrde til den nordvestlege greina av den semittiske språkfamilien, som også bestod av ugarittisk, arameisk og truleg amorittisk.
Det er uvisst kva tid semittisktalande folk slo seg ned i Kanaan og tilgrensande område. Den konvensjonelle – men ikkje godt underbygde – oppfatninga er at det skjedde kring 3000 fvt.
Kanaaneisk blir òg kalla kanaanittisk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.