International Committee of Historical Sciences (ICHS) er ein internasjonal paraplyorganisasjon for historieforsking, som vart skipa i Genève 14. mai 1926. ICHS har i dag 53 tilknytte nasjonale organisasjonar, Den norske historiske forening (HIFO) er ein av desse. ICHS er i tillegg knytt til oppunder 30 internasjonale feltspesifikke organisasjonar, som til dømes International Social History Association, International Commission of Military History og International Federation for Research in Women’s History. Organisasjonen er tospråkleg engelsk og fransk.
International Committee of Historical Sciences (ICHS)
Faktaboks
- Også kjend som
-
Comité International des Sciences Historiques (CISH) på fransk
- Stifta
- 14.05.1926
Bakgrunn og utvikling
Det vart organisert internasjonale historikarkongressar sidan 1900. Idéen om å institusjonalisera historikarsamarbeidet tettare, kom opp på den femte av desse kongressane i 1923, og ICHS vart formelt skipa i 1926. Då hadde ICHS 19 nasjonale komitear, alle frå Europa og Nord-Amerika. Etter andre verdskrigen, som naturleg nok gav avbrot i internasjonalt friviljug organisasjonsarbeid, har organisasjonen ekspandert det geografiske verkefeltet til den i dag har 53 nasjonale komitear, der også Sør-Amerikanske, Asiatiske og Afrikanske land har kome med.
Aktivitetar
Hovudaktiviteten til organisasjonen er å skipa verdshistorikarkongressar, offisielt kalla International Congress of Historical Sciences. Frå 1950 har desse vore kvart femte år, med unnatak for brot på denne regulariteten på grunn av koronapandemien. Den fyrste av desse kongressane var i Paris i 1900, altså før organisasjonen vart til. To slike kongressar har vore arrangert i Noreg: Den sjette (Oslo, 1928) og den 19. (Oslo, 2000). Ved Oslokongressen i 2000 deltok 2200 historikarar frå 80 land. Konferansen vart avvikla ved Universitetet i Oslo, med økonomisk støtte frå mellom andre Utdanningsdepartementet, Utanriksdepartementet, NORAD, dei andre universiteta i Noreg, Den norske historiske foreining (HIFO), fleire statlege verksemder og Fritt Ord. Det var planlagd å markera at organisasjonen fyller 100 år i 2026 med ein konferanse i Jerusalem. Den norske historiske forening var blant dei som uttrykte uro over dette. ICHS kunngjorde seinare at krigssituasjonen i området ikkje gjorde dette tilrådeleg.
Frå 2015 har ICHS også tildelt Jaeger-LeCoultre historieprisen til den som har utmerkt seg med vesentlege bidrag til historiefagleg kunnskap gjennom publisering eller undervisning. Frå 2018 har dei også publisert nyhendebrev, der dei også kunngjer pristildelingar frå dei spesialiserte internasjonale tematiske historieorganisasjonane og informerer om konferansar i regi av desse og av dei nasjonale komiteane.
Hundreårsjubileet i 2026 vert feira med verdshistorikarkongress i Leipzig (Tyskland) med føremål å feira 100 år med internasjonalt historikarsamarbeid og diskutera utviklingslinene og mangfaldet i historieforskinga gjennom levetida til organisasjonen.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenkjer
Litteratur
- Erdmann, Karl Dietrich (2005); Toward Global Community of Historians. The International Congresses and the International Committee of historical sciences 1898–2000. Oxford, Berghahn Books.
- Jølstad, Anders & Lunde, Marianne (red) (2000); Reports, abstracts and roundtable introductions. 19th International Congress of Historical Sciences [Oslo]. International Committee of Historical Sciences.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.