Rip It Up av Little Richard
Rip It Up Singel av Little Richard frå albumet Here's Little Richard | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juni 1956 | |
Sjanger | Rock and roll | |
Selskap | Specialty | |
Komponist | Robert Blackwell, John Marascalco | |
Tekstforfattar | Robert Blackwell, John Marascalco | |
Låtskrivar(ar) | Robert Blackwell/John Marascalco | |
Produsent | Robert Blackwell | |
Little Richard-kronologi | ||
«Long Tall Sally» med «Slippin' and Slidin'»
(1956) |
Rip It Up | «She's Got It» med «Heeby-Jeebies»
(1956)
|
Rip It Up Singel av Bill Haley and his Comets | ||
B-side |
«Teenager's Mother (Are You Right?)» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1956 | |
Sjanger | Rock and roll | |
Selskap | Decca 30028 | |
Komponist | Robert Blackwell, John Marascalco | |
Tekstforfattar | Robert Blackwell, John Marascalco | |
Bill Haley and his Comets-kronologi | ||
«Hot Dog Buddy Buddy»
(1956) |
Rip It Up | «Rudy's Rock»
(1956)
|
«Rip It Up» er ein song skriven av Robert Blackwell og John Marascalco. Han vart først gjeven ut av Little Richard i juni 1956. Bill Haley and his Comets gav òg ut ein versjon av songen det året. Little Richard-versjonen nådde førsteplassen på R&B Best Sellers-lista i to veker og nådde 17. plassen på poplista.[1] Bill Haley and the Comets-innspelinga nådde 25. plasen på poplista og fjerden plassen på den britiske singellista. Bill Haley and the Comets framførte òg sin versjon av songen i filmen Don't Knock the Rock i 1956, der Little Richard òg deltok.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Little Richard – vokal, piano
- Lee Allen – tenorsaksofon
- Alvin «Red» Tyler – barytonsaksofon
- Frank Fields – bass
- Earl Palmer – trommer
- Edgar Blanchard – gitar
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Songen vart òg spelt inn av Elvis Presley, Chuck Berry, Buddy Holly, Gerry and the Pacemakers og Gene Vincent.
The Everly Brothers spelte inn ein versjon av songen i 1957, og denne nådde 57. plassen på singellista i Australia.
Under Get Back-innspelinga i 1969, spelte The Beatles inn songen som ein del av ein medley med «Shake, Rattle and Roll» og «Blue Suede Shoes». Denne vart gjeven ut i 1996 på albumet Anthology 3. Songen vart spelt i 1975 av John Lennon på albumet hans Rock 'n' Roll, i ein medley med songen «Ready Teddy».
Commander Cody and His Lost Planet Airmen spelte inn songen på albumet Hot Licks, Cold Steel & Truckers Favorites i 1972.
I 1978 gav Billy «Crash» Craddock ut ein versjon av Turning Up And Turning On.
I 1987 spelte Los Lobos inn songen som ein del av filmen La Bamba.
Little Richard song òg songen på PBS-programmet Doo Wop 51.
Alvin and the Chipmunks spelte inn songen for «Film Flam,» ein episode av TV-serien deira.
Den engelske instrumental gruppa The Tornados spelte songen i 1964 alle albuma Away from it All.
Wanda Jackson spelte songen i 2011 på albumet The Party Ain't Over.
Cliff Richard spelte ein versjon av songen på det 100. albumet sitt, The Fabulous Rock 'n' Roll Songbook.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rip It Up (Little Richard song)» frå Wikipedia på engelsk, den 30. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 356.
- Singlar frå 1956
- Little Richard-songar
- Elvis Presley-songar
- John Lennon-songar
- Chuck Berry-songar
- The Beatles-songar
- Billy «Crash» Craddock-songar
- Gene Summers-songar
- Bill Haley-songar
- Songar på toppen av Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista
- Songar skrivne av Robert Blackwell
- Songar skrivne av John Marascalco
- Songar frå 1956
- Specialty Records-singlar