Edgar Blanchard
Edgar Blanchard | |||
Fødd | 17. august 1924 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Grosse Tête | ||
Død | 16. september 1972 (48 år) | ||
Dødsstad | New Orleans | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | gitar | ||
Verka som | jazzmusikar |
Edgar Vernon Blanchard (17. august 1924–16. september 1972) var ein USA-amerikansk R&B-gitarist, bandleiar og arrangør og var viktig i musikkmiljøet i New Orleans mellom 1940- og 1960-åra.
Han var fødd i Grosse Tête i Louisiana[1] og lærte seg å spele både gitar og banjo. Han var stasjonert i Europa under andre verdskrigen, og då han kom attende starta han sitt eige band, The Gondoliers, kalla opp etter minne om tida si i Italia. I 1947 vart han bandleiar ved klubben Down Beat på Rampart Street i New Orleans, med Roy Brown som ein av vokalistane og Ernest McLean som andregitarist.[2][3]
Blanchard var i studio første gongen i Houston i Texas i 1949, for Don Robey sitt Peacock Records, men innspelingane hans selde dårleg og han kom attende til New Orleans der han med Dave Bartholomew spelte på Dew Drop Inn. Han var i studio med Roy Brown, og spelte med andre musikarar og songarar som spelte inn musikk i New Orleans tidleg i 1950-åra, som Big Joe Turner, Ray Charles og Professor Longhair for Atlantic; Lloyd Price og Little Richard for Specialty; og Paul Gayten, Eddie Bo og Clarence «Frogman» Henry for Chess.[4]
Han spelte inn eit dårleg motteke album, Let's Have a Blast with the Gondoliers, i 1961, og fortsette å spele med bandet sitt på klubbar i New Orleans til midten av 1960-åra.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Edgar Blanchard» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bob L. Eagle, Eric S. LeBlanc, Blues: A Regional Experience, ABC-CLIO, 2013, p.173
- ↑ Colin Larkin, «Edgar Blanchard», The Virgin Encyclopedia of The Blues, Random House, 2013
- ↑ Biography, AllMusic.com. Henta 19. juli 2017
- ↑ 4,0 4,1 Dan Phillips, «For Your Dancing Pleasure, The Gondoliers», Home of the Groove, March 3, 2006. Henta 19. juli 2017