No More Looking Back
Utsjånad
No More Looking Back Singel av The Kinks frå albumet Schoolboys in Disgrace | ||
B-side |
«Jack the Idiot Dunce», | |
---|---|---|
Utgjeve | 23. januar 1976 (Storbritannia) | |
Innspelt | 19. august 1975 – 24. september 1975 | |
Studio | Konk Studios i London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:27 | |
Selskap | RCA | |
Låtskrivar(ar) | Ray Davies | |
Produsent | Ray Davies | |
Britisk The Kinks-kronologi | ||
«You Can't Stop the Music» (1975) |
No More Looking Back | «Sleepwalker» (1977)
|
«No More Looking Back» er ein song av The Kinks frå 1975 på konseptalbumet Schoolboys in Disgrace. Som alle songane på albumet vart han skriven av Ray Davies.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Som resten av songane på Schoolboys in Disgrace skildrar «No More Looking Back» bakgrunnssoga til Mr. Flash, hovudpersonen i rockeoperaen Preservation. Songen omhandlar Flash som går ned ei travel gate og ser ting som minnar han om den tidlegare kjærasten hans.
Songen vart gjeven ut på ein maxisingel i Storbritannia (den einaste singelen frå albumet) med «Jack the Idiot Dunce» og «The Hard Way» (begge albumspor) på B-sida. Singelen selde dårleg. Han var sidan den einaste songen frå albumet som kom ut på samlealbumet Picture Book.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «No More Looking Back» frå Wikipedia på engelsk, den 27. april 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: