Hopp til innhald

I'm in Disgrace

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I'm in Disgrace
Singel av The Kinks
frå albumet Schoolboys in Disgrace
B-side

«The Hard Way»

Utgjeve 21. januar 1976 (USA)
Innspelt 19. august 1975 – 24. september 1975 at Konk Studios, London
Sjanger Rock
Lengd 3:21
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
Amerikansk The Kinks-kronologi 
«Everybody's a Star (Starmaker)»
(1975)
I'm in Disgrace «Sleepwalker»
(1977)


«I'm in Disgrace» er ein song av The Kinks frå 1975 på konseptalbumet Schoolboys in Disgrace. Songen var skriven av Ray Davies.

«I'm in Disgrace» spelar ei viktig rolle i plottet på Schoolboys in Disgrace og skildrar hovudpersonen, Jack (ein ung Mr. Flash) som blir gjort skam på føre heile skulen etter upassande oppførsel i lag med den tidlegare kjærasten sin.

Teksten omhandlar ein episode i ungdomen til broren og bandkolleagen til Ray Davies, Dave, som var særs opprørsk (og motsett til den innovervendte Ray). Ein gong vart den 15 år gamle Dave utvist frå skulen etter å han hadde sex med kjærasten Sue Sheehan på skulen.[1][2] Dei to vart skilde av familiane sine då Sue oppdaga at ho var gravid. Dene episoden har gått igjen i fleire av songane til Davies, som «Funny Face», «Susannah's Still Alive» og «Mindless Child of Motherhood».

«I'm in Disgrace» var den første singelen frå Schoolboys in Disgrace i Amerika, med B-sida «The Hard Way», ein populær konsertsong frå same albumet. Som mange av singlane til Kinks på denne tida selde han dårleg, og gjekk ikkje inn på singellista.

Trass i dårleg sal, vert songen ofte trekt fram som ein av dei beste på Schoolboys in Disgrace. Paul Nelson frå Rolling Stone sa at «'I'm in Disgrace' er ein veldig bra rock & roll-song om erotisk forvirring og skam.»[3]

  1. Thomas M. Kitts (2008). Ray Davies: Not Like Everybody Else. New York/Abingdon: Routledge. s. 4. 
  2. «The Dedicated Follower». Uncut. January 2012. Henta 27. november 2012. 
  3. Nelson, Paul. «Rolling Stone». Arkivert frå originalen 27. april 2018. Henta 26. april 2018.