East Lothian
East Lothian | |||
Aest Lowden Lodainn an Ear | |||
region | |||
|
|||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Konstituerande land | Skottland | ||
Adm.senter | Haddington | ||
Areal | 679,1799 km² | ||
Folketal | 107 090 (2019)[1] | ||
East Lothian 55°55′00″N 2°45′00″W / 55.916666666667°N 2.75°W | |||
Wikimedia Commons: East Lothian |
East Lothian[a] er ein av 32 regionar i Skottland og eit statthaldarskap. Han grensar til City of Edinburgh, Scottish Borders og Midlothian. Det administrative senteret er Haddington, men den største byen er Musselburgh.
Regionan vart oppretta i 1996 ut frå distriktet East Lothian som sidan 1975 hadde høyrt til regionen Lothian. I tillegg vart byen Musselburgh og Inveresk-området ein del av regionen. Desse hadde tidlegare vore ein del av grevskapet Midlothian.
Grevskapet East Lothian vart nedlagt i 1975 og grensa tidlegare til grevskapet Midlothian i vest og grevskapet Berwick i sør. Grevskapet heitte Haddingtonshire fram til 1921. På denne tida førte grenseendringar til at fleire landsbyar utanfor Edinburgh (t.d. Whitecraig) vart ein del av East Lothian.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]- ↑ låglandsskotsk Cooncil o Aest Lowden, skotsk-gælisk Siorrachd Lodainn an Ear
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «East Lothian» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2009.