Angus
Angus | |||
Aonghas | |||
region | |||
|
|||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Konstituerande land | Skottland | ||
Del av | North East Scotland | ||
Adm.senter | Forfar | ||
Areal | 2 181,6419 km² | ||
Folketal | 115 820 (2020)[1] | ||
Angus 56°40′00″N 2°55′00″W / 56.666666666667°N 2.9166666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Angus |
Angus (skotsk-gælisk Aonghas) er ein av 32 regionar og eit statthaldarskap i Skottland. Regionen grensar til Aberdeenshire, Perth and Kinross og Dundee City. Hovudnæringa i regionen er jordbruk og fiske.
Angus var historisk eit grevskap (offisielt kalla Forfarshire frå 1700-talet fram til 1928 då det fekk det gamle namnet sitt attende) fram til 1974 då det vart eit distrikt i regionen Tayside. I 1996 vart det todelte lokalstyret avskaffa og Angus vart oppretta som ei sameint styresmakt. Det tidlegare grevskapet grensa til Kincardineshire i nordaust, Aberdeenshire i nord og Perthshire i vest. I sør låg Fife på andre sida av Firth of Tay. Grensene til dagens region er nøyaktig lik dei gamle grevskapsgrensene bortsett frå City of Dundee.
Angus kan delast inn i tre geografiske område. I nord og vest er landskapet dominert av fjell. Dette er området med dei fem Angus Glens er tynt folkesett og hovudnæringa her er åsjordbruk. I sør og aust består landskapet av rullande åsar som grensar til sjøen. Dette området er meir folkesett med dei større byane og byen Dundee ved kysten. I mellom ligg Strathmore, som er gælisk for «den store dalen», som er eit frodig jordbruksområde kjend for dyrking av poteter, bærfrukt og oppdrett av anguskveg.
Byar og landsbyar
[endre | endre wikiteksten]Byar
[endre | endre wikiteksten]- Arbroath—størsteby
- Brechin
- Carnoustie
- Forfar—administrasjonsstad
- Kirriemuir
- Monifieth
- Montrose
Landsbyar
[endre | endre wikiteksten]- Aberlemno
- Arbirlot
- Auchmithie
- Birkhill
- Bridge of Craigisla
- Carmyllie
- Dunnichen
- East Haven
- Edzell
- Farnell
- Friockheim
- Glamis
- Guthrie
- Inverkeilor
- Kingsmuir
- Letham—største landsby
- Newbigging
- Newtyle
- Memus
- Menmuir
- Monikie
- Muirhead
- Murroes
- St Vigeans
- Tealing
- Tarfside
- Unthank
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Angus» frå Wikipedia på engelsk, den 3. desember 2009.