Keep A-Knockin'
Keep A-Knockin' Singel av Little Richard | ||
B-side |
«Can't Believe You Wanna Leave» | |
---|---|---|
Utgjeve | August 1957 | |
Innspelt | 1957 | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 2:22 | |
Selskap | Specialty (nr. 611) | |
Låtskrivar(ar) | Sjå tekst | |
Little Richard-kronologi | ||
«Jenny, Jenny»
(1957) |
Keep A-Knockin' | «Maybe I'm Right»
(1957)
|
«Keep A-Knockin' (but You Can't Come In)» er ein populær song som er blitt spelt inn av fleire musikarar gjennom åra. Teksten omhandlar ein kjæraste som står i døra, men som ikkje slepp inn - i somme versjonar fordi nokon andre er der, men i fleste andre versjonar fordi kjærasten har oppført seg dårleg.
Tidlege versjonar er stundom tilskriven Perry Bradford og J. Mayo Williams. Variantar vart spelte inn av James «Boodle It» Wiggins i 1928, Lil Johnson i 1935, Milton Brown i 1936 og Louis Jordan i 1939. Eit liknande tekstmessig tema finst i «Open the Door, Richard» frå 1946, men då frå synspunktet til personen som bankar på.
I 1957, då Little Richard spelte inn songen som ein kjapp rock and roll-song[1] nådde «Keep A-Knockin'» andreplassen på den amerikanske R&B-lista og åttandeplassen på poplista.[2] Versjonen hans er ofte tilskriven Penniman (det verkelege namnet til Richard), Williams og Mays. Little Richard spelte songen i ein episode på Full House. Han spelte inn ein versjon av songen med anna tekst som ein introduksjon for NBC-showet Friday Night Videos. Songen vart òg nytta i traileren til Hjemme alene. Songen vart nytta i filmen Christine då Dennis prøver å kome seg inn i bilen, men vert skremd bort då songen byrjar å spele frå bilradioen.
Mottaking og ettermæle
[endre | endre wikiteksten]Rolling Stone rangerte seinare «Keep A-Knockin'» på 442. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene i 2003.[3] På den oppdaterte lista frå 2010 var songen ute av lista. Ein svarsong kalla «I Hear You Knocking», skriven av Dave Bartholomew og Pearl King, vart spelt inn i Smiley Lewis i 1955. Trommepartiet i Little Richard-songen, spelt av Charles Connor, inspirerte òg andre songar. Eddie Cochran sin «Somethin' Else» har ein identisk trommerytme, spelt av Earl Palmer.[4] Trommeintroduksjonen på Little Richard vart nytta av John Bonham på introduksjonen av Led Zeppelin-songen «Rock and Roll».
Andre innspelingar
[endre | endre wikiteksten]- The Blasters har ein versjon frå 1982 på konsertalbumet Over There (Live At The Venue, London).
- Blue Angel (med Cyndi Lauper) (1980)
- The Everly Brothers i 1958 på debutalbumet The Everly Brothers.
- Artful Dodger i 1976 på albumet Honor Among Thieves.
- Flamin' Groovies spelt inn for det andre albumet deira Flamingo i 1970.
- Fleetwood Mac spelte inn eit konsertopptak i februar 1970, gjeven ut som Live in Boston i februar 1985.
- Bobby Fuller spelte inn songen i 1965 på PJ's, men vart ikkje gjeven ut før i 1991 på Live at PJ's Plus!.
- The Crickets gav ut ein versjon i 1973 på albumet Bubblegum, Pop, Ballads & Boogie.
- Hurriganes spelte inn songen i 1973 på albumet Rock 'n' Roll All Night Long.
- Mississippi John Hurt gav ut songen posthumt i 1967 på albumet The Immortal Mississippi John Hurt .
- Lindisfarne spelte inn songen som ein medley med «It'll Be Me» i 1987 på albumet C'mon Everybody.
- Liquorice John Death, eit pseudonym for Procul Harem spelte inn songen i 1970 og gav han ut på albumet Ain't Nothin' to Get Excited About i 1997.
- Mott The Hoople spelte inn eit konsertopptak i september 1970 og gav dette ut i 1971 på albumet Wildlife.
- The Rivieras gav ut songen 1964 på debutalbumet Let's Have A Party.
- The Rockers, eit prosjekt som bestod av Roy Wood, Phil Lynott, Chas Hodges og John Coghlan, spelte inn songen som ein del av ein medley, «We Are The Boys (Who Make All The Noise)» og gav han ut på singel i 1983.
- Suzi Quatro spelte inn ein versjon for det andre albumet sitt, Quatro i 1974.
- The Outlaws, eit tidleg band med Ritchie Blackmore frå Deep Purple, og gav han ut på singel i april 1964.
- The Sonics spelte inn songen i 1965 for debutalbumet Here Are The Sonics, men han kom ikkje med på albumet før han vart eit bonusspor på albumet i 1998.
- Roger Taylor frå Queen, spelte inn songen og gav han ut på singel i 1997.
- Eit piratkopiopptak av The Trashmen frå 1964 kom ut i 2002 på Teen Trot.
- The Woodentops inkluderte albumet i 2002 på albumet Wooden Foot Cops on the Highway.
- Breaux Brothers spelte songen i Dallas i Texas i 1937.
Andre artistar som har spelt inn songen er Johnny Rivers (1965), Alvin Lee (1974), Doug Sahm (1983), Wet Willie (1972), Alan Price (1980), Shakin' Stevens (1983) og Cliff Richards (2016).[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Keep A-Knockin'» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Little Richard intervjua på Pop Chronicles (1969)
- ↑ Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942–1988. Record Research, Inc. s. 260. ISBN 0-89820-068-7.
- ↑ «The 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone (963). December 9, 2004. Arkivert frå originalen 26. august 2011. Henta August 4, 2014.
- ↑ Cochran, Bobby (2003). Three Steps to Heaven: The Eddie Cochran Story (1st utg.). Milwaukee: Hal Leonard. s. 145. ISBN 0-634-03252-6.
- ↑ «Keep A Knockin' Cover Versions».