Ain't Nothin' to Get Excited About
Utsjånad
Ain't Nothin' to Get Excited About Studioalbum av Liquorice John Death | ||
Utgjeve | 1997 | |
Innspelt | 1970 | |
Sjanger | Rock | |
Produsent | Chris Thomas | |
Procol Harum-kronologi | ||
---|---|---|
The Long Goodbye (1996) |
Ain't Nothin' to Get Excited About | One More Time – Live in Utrecht 1992 (1999)
|
Ain't Nothin' to Get Excited About er eit studioalbum med rock and roll-songar spelt inn i 1970 av medlemmar av Procol Harum under namnet Liquorice John Death. Albumet kom først ut i 1997.
Strengt tatt er det ikkje eit Procol Harum album. Det vart spelt inn kort tid etter bandet var ferdig med albumet Home i 1970. Under desse innspelingane bad produsent Chris Thomas bandet om å spele gamle favorittar medan han sette opp utstyret for innspelinga. Bandet likte å spele desse gamle songane, så nokre månader seinare booka Thomas Abbey Road Studios og bandet spelte inn alle songen i løpet av ein kveld.
Masterlydbandet var lenge tapt, men dukka opp i 1990-åra då bandet fekk ein boks med lydband frå EMI-Chrysalis.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «High School Confidential» | Ron Hargrave, Lewis | 2:17 |
2. | «Kansas City» | Jerry Lieber, Mike Stoller | 3:40 |
3. | «Lucille» | Albert Collins, Richard Penniman | 3:21 |
4. | «Brand New Cadillac» | Vince Taylor | 1:37 |
5. | «Matchbox» | Carl Perkins | 2:28 |
6. | «Breathless» | Blackwell | 2:59 |
7. | «Everything I Do Is Wrong» | Rich | 3:11 |
8. | «Old Black Joe» | Stephen Foster, arr. Brooker/Trower/Wilson/Copping | 3:07 |
9. | «Shopping for Clothes» | Harris | 3:33 |
10. | «Well, I...» | Brooker / Trower / Wilson / Copping / Mundy | 6:30 |
11. | «I'm Ready» | Domino/Lewis/Bradford | 2:51 |
12. | «The Girl Can't Help It» | Bobby Troup | 2:07 |
13. | «Keep a Knockin'» | Richard Penniman | 1:24 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Chris Copping – orgel, bassgitar
- B.J. Wilson – trommer
- Robin Trower – gitar
- Gary Brooker – piano og vokal
- Jack Lancaster – saksofon på «Shopping for Clothes» og «The Girl Can't Help It»
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ain't Nothin' to Get Excited About» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mai 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- ProcolHarum.com om albumet
- Liquorice John Death — Bruce Eder, for AllMusic