Foto av nettinggjerde foran en hage med et rødt hus. Ved gjerdet står et skilt med teksten «Privat vet, ingen gjennomgang»

Nokre vel å sette opp skilt for å hindre folk i å gå inn på privat eigedom.

Foto av skilt foran inngjerda hage
Av /NTB.

Privat betyr noko som tilhøyrer eller handlar om ein privatperson. Ordet blir brukt på ulike måtar, men ofte om noko som er det motsette av offentleg. Privat kan òg bety noko ein ikkje vil dele med andre eller snakke om.

Når noko er privat og ikkje er offentleg, er det ikkje staten eller styresmaktene som eig eller har ansvar for det. Det kan for eksempel vere privat eigedom, privat næringsliv og private skular.

Privat eigedom

Privat eigedom betyr eit stykke land som er eigd av ein privatperson eller ei privat bedrift. Ein bustad med hage som er eigd av ein familie, er eit eksempel på privat eigedom. Eit fabrikkbygg eller eit jorde som er eigd av ei privat bedrift, er òg privat eigedom. Det motsette er for eksempel ein offentleg park, som alle kan bruke.

I Noreg har alle rett til å gå fritt ute i naturen, sjølv om eit område er privat eigedom. Denne retten heiter allemannsretten.

Privat næringsliv

Privat næringsliv er all handel og produksjon som blir driven av private bedrifter. Handverkarar eller andre som sel tenester, for eksempel røyrleggjarar og frisørar, er òg private bedrifter.

I Noreg er dei fleste sjukehus offentlege, men nokre få sjukehus er private. Dei private sjukehusa er ein del av det private næringslivet.

Privatliv

Privat betyr òg det som gjeld ein enkelt person og privatlivet til personen. Meiningene og kjenslene til folk er ein del av privatlivet deira. Alle har rett til å ha privatlivet sitt for seg sjølv, og velje kor mykje dei vil dele.

Ein del meininger eller kjensler har eit særskilt vern i Noreg. Ingen har krav på å vite kva parti folk røystar på når det er val, kva for religion dei trur på, eller kva for seksuell orientering dei har.

Private skular

Dei fleste skulane i Noreg er òg offentlege. Dei blir drivne av kommunane og fylkeskommunane. Private skular i Noreg blir for eksempel drivne av private stiftingar eller private aksjeselskap.

Ikkje ope for alle

Privat kan òg bety at ein stad ikkje er open for alle, fordi staden tilhøyrer ein privatperson. Ein kan for eksempel berre bruke ein privat veg eller ein privat parkeringsplass om ein får lov av eigaren.

Privat og offentleg

Det går òg an at noko er eigd av ein privatperson, men likevel er ein offentleg stad. For eksempel kan ein person eige eit kjøpesenter, men det er likevel offentleg fordi det er mogleg for alle å vere der.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Dag Einar Thorsen
Førsteamanuensis i statsvitenskap, Ph.d., Universitetet i Sørøst-Norge