Bjørnen lever i mange ulike typar natur. I Noreg trivst han best i barskog, og helst på stader som er vanskelege for menneske å komme til.
Bjørnen et mykje ulikt. Han et mykje planter, som til dømes bær, saftige røter og urter. Han kan òg ete visse dyr, som larvar, maur og mus, i tillegg til honning.
Bjørnen kan av og til ta sauer på beite, eller kalvar av elg og rein. I nokre område av Nord-Amerika og Russland et bjørnen òg mykje fisk, særleg laks.
Vaksne bjørnar lever åleine, bortsett frå i paringstida.
På hausten grev bjørnane ut hòler, for å sove i. Dette blir kalla å gå i hi eller dvale. Hiet kan bli laga i ei gammal maurtue, i jorda eller i ei steinrøys. Når bjørnen er i dvale, blir temperaturen i kroppen seinka, og bjørnen et ikkje noko. I Noreg er bjørnen i hi frå oktober-november til april-mai.