Ein mykje brukt definisjon på omgrepet kultur er «dei verdiane, reglane, ideane og normene i eit samfunn som blir overteke frå førre generasjon, og som blir vidareført til den neste – ofte noko forandra». Kontakt med andre samfunn gjer at kulturen kan forandrast. Kulturen rundt julematen er eit typisk døme. Tradisjonar som opphavleg var knytt til eit bestemt geografisk område, har vandra og utvikla seg gjennom påverknad frå samfunnet, knytt til økonomi, politikk, ideologi, religion og sosiale forhold.
Pinnekjøtt har regionalt utspring på Vestlandet og kysten nordover til Trøndelag. Svineribbe har sterkast fotfeste i områda der det blir dyrka korn. Dette mønsteret er eit resultat av kanaliseringspolitikken som vart innført i norsk landbruk etter andre verdskrigen. Kanaliseringa innebar at grasbaserte næringar skulle leggjast til dei områda som hadde best forhold for grasproduksjon. Dette innebar at drøvtyggjarane i hovudsak skulle halde til i Nord-Noreg og på Vestlandet og dessutan i dalbygder og fjellbygder på Austlandet. Kornproduksjon og svinehald var konsentrert til flatbygdene på Austlandet og i Trøndelag.
Fersk juletorsk har opphavet sitt i område på Sørlandet og Sør-Vestlandet. Lutefisk ser ut til å ha vorte brukt som julemat i heile landet, men tilbehøyret varierar mellom regionar.
Regionale juletradisjonar hadde sterkare grenser for berre 50–60 år sidan. I dag er det mindre forskjellar, og det kjem nok både av kulturutveksling og av enklare tilgang på ulike julerettar over heile landet. Likevel er det forskjellar, spesielt knytt til middagen på sjølve julaftan: 70 til 80 prosent av vestlendingane et pinnekjøtt på julaftan, medan 15 til 20 prosent et svineribbe. På Austlandet er det motsett. Austlendingane et likevel gjerne pinnekjøtt ein annan dag i løpet av julehøgtida. Ein generell trend er at pinnekjøtt stig i popularitet. I Nord-Noreg er fordelinga omlag 50 prosent ribbe og 50 prosent pinnekjøtt på julaftan.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.