Det maltesiske alfabetet er ein modifisert versjon av det latinske alfabetet, med tillegg av bokstavane ċ, ġ, għ, ħ og ż. Maltesisk er det einaste semittiske språket som blir skrive med det latinske alfabetet. Tabell 1 viser bokstavane for konsonantar, med ein fonemisk transkripsjon.
I hovudsak er den maltesiske rettskrivinga fonemisk, men med nokre avvik for betre å få fram ein del grunnleggjande prinsipp i arabisk grammatikk, som det at arabiske røter har tre konsonantar. Nokre få detaljar er forklarte nedanfor. Ei grundig framstilling finst til dømes i Aquilina (1965).
Plosivar, affrikatar og frikativar er ustemde i slutten av ord, slik at til dømes qalb 'hjarte' blir uttala /ˈʔalp/.
Għ blir uttala /ɣ/ (stemd velar frikativ) nokre stader på øya Għawdex (Gozo), men andre stader har han falle bort, men forlengjer vokalen føre eller etter, bortsett frå at għi blir uttala /eːj/ eller /aːj/ og ghu blir uttala /eːw/ eller /oːw/
På Għawdex kan difor øynamnet uttalast /ˈɣawdeʃ/, mens andre stader er uttalen /ˈaːwdeʃ/. Għ kjem av arabisk /ʕ/ (stemd faryngal frikativ) og /ɣ/ (stemd velar frikativ).
H er stum, bortsett frå i slutten av ord, der han blir uttala /ħ/, jamfør deheb /ˈdeːp/ 'gull' og boloh /ˈboːloħ/ 'dum'.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.