Engabreen. I forgrunnen Engabrevatnet (10 moh.)
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 3.0

Brearm er ein isbre som strekkjer seg ut frå ein større hovudbre. Isen strøymer frå hovudbreen ned mot lågareliggjande terreng, ofte gjennom ein dal.

Faktaboks

Også kjend som

utlaupsbre, utløpsbre

Brearmar frå brekapper, som platåbrear og innlandsis, blir kalla utlaupsbrear. Kjende norske døme er Nigardsbreen frå Jostedalsbreen og Engabreen frå Svartisen.

Utlaupsbrear strøymer ofte gjennom dalar og kan likne dalbrear. Skilnaden er kvar isen kjem frå: Utlaupsbrear får is frå brekapper, medan dalbrear har utspring i botnbrear.

Les meir i Store norske leksikon

Litteraur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg