Eit adressetilleggsnamn er eit tillegg til den offisielle adressa, til dømes «Fagerli», Storvassvegen 1453. Det vanlegaste er at det er gardsbruk som har adressetilleggsnamn. Kartverket oppgir at bakgrunnen mellom anna er eit ønske om å kunna ta vare på stadnamn som kulturminne, slik at dei kan komma i vanleg bruk som ein del av den offisielle adressa.
Matrikkelforskrifta § 54 første ledd fastset at når adressa gjeld eit gardsbruk, kan den som har grunnbokheimel til eigedommen, krevja at den offisielle adressa òg skal omfatta bruksnamnet til garden, dersom namnet fell språkleg og geografisk saman med eit nedarva stadnamn, jf. lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn.
Det kan òg vera aktuelt å gi særleg kjent institusjon eller bygning eit adressetilleggsnamn, for eksempel «Høgbergssanatoriet», jf. matrikkelforskrifta § 54 andre ledd. Det er eit vilkår at allmenne omsyn taler for det, og då kan kommunen etter forslag frå registrert eigar eller festar fastsetja at den offisielle adressa òg skal omfatta eit namn på institusjonen eller bygninga. Truleg vil det stri mot allmenne omsyn å kalla ein bygning «Gestapotorturkjellaren». Sjølv om bygningen har eit slikt namn på folkemunne, vil det truleg ikkje la seg gjera å få det godkjent som offisielt namn på bygninga.
Etter matrikkelforskrifta § 54 tredje ledd, kan kommunen tildela eit felles adressetilleggsnamn på mindre grender, bustad- eller hyttefelt eller andre avgrensa område.
Nærare retningslinjer er gitt i Kartverket sin adresserettleiar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.