Up from the Skies
Up from the Skies Singel av The Jimi Hendrix Experience frå albumet Axis: Bold as Love | ||
B-side |
«One Rainy Wish» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. februar 1968 | |
Innspelt | 29. oktober 1967 i Olympic Sound Studios i London | |
Sjanger | Jazzrock | |
Lengd | 2:55 | |
Selskap | Reprise, Barclay | |
Komponist | Jimi Hendrix | |
Tekstforfattar | Jimi Hendrix | |
Låtskrivar(ar) | Jimi Hendrix | |
Produsent | Chas Chandler | |
The Jimi Hendrix Experience-kronologi | ||
«Foxy Lady» (1967) |
Up from the Skies | «All Along the Watchtower» (1968)
|
«Up from the Skies» er ein song av Jimi Hendrix, spelt inn av The Jimi Hendrix Experience for albumet Axis: Bold as Love frå 1967. Songen omhandlar utanomjordisk liv som kjem til jorda og er uroa over øydelegginga menneska som lever der har gjort. Han vart gjeven ut som den einaste singelen frå Axis: Bold as Love, berre i USA og Frankrike, og nådde 82. plass i USA.[1]
Bakgrunn og stil
[endre | endre wikiteksten]«Up from the Skies» vart spelt inn 29. oktober 1967, den siste innspelingsdagen for albumet, i Olympic Sound Studios i London.[1] Matthew Greenwald frå allmusic har skildra songen som «Musikalsk ein frisk, jazz-basert song, og ganske annleis noko på debutalbumet.»[2]
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Trass i at singelen var langt mindre kommersiell enn dei førre singlane, vart «Up from the Skies» generelt godt motteken. Rolling Stone-kritikar Parke Puterbaugh meinte at songen var ein effektiv opningssong.[3]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]«Up from the Skies» er spelt inn av mange andre artistar, hovudsakleg på hyllestalbum.[4] Av artistar som har spela songen finn ein Sting, Ellen McIlwaine, Joan Jett and The Blackhearts, Rickie Lee Jones og The Hamsters.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Up from the Skies» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Shapiro, Harry; Caesar Glebbeek (15. august 1995) [1990-09-17]. «Appendix 1: Music, Sweet Music: The Discography». Jimi Hendrix: Elektrisk Gypsy. New York: St. Martin's Griffin. s. 222, 223, 529. ISBN 0-312-13062-7.
- ↑ Greenwald, Matthew. «Up From The Skies». allmusic. Henta 16. mars 2011.
- ↑ Puterbaugh, Parke (May 20, 2003). «Jimi Hendrix: Axis: Bold As Love». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 4. mai 2009. Henta 16. mars 2011.
- ↑ 4,0 4,1 «Song: Up From The Skies - The Jimi Hendrix Experience». Second Hand Songs. Henta 16. mars 2011.