The Honeydrippers: Volume One
The Honeydrippers: Volume One EP av The Honeydrippers | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 24. september 1984 | |
Innspelt | Mars 1984, Atlantic Studios, New York City | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 17:56 | |
Selskap | Es Paranza/Atlantic Records 90265 | |
Produsent | Nugetre & The Fabulous Brill Brothers (Ahmet Ertegun, Robert Plant, Phil Carson) | |
Kritikk | ||
---|---|---|
The Honeydrippers: Volume One er ein EP gjeven ut den 24. september 1984, av eit band leia av rockesongaren Robert Plant. Prosjektet kom til då direktøren i Atlantic Records, Ahmet Ertegün ønskte å spele inn eit album med favorittsongane sine frå 1950-åra. Plant vart vald ut fordi Ertegün hadde sett band hands the Honeydrippers spele standardlåtar frå 1950-åra. Med seg i bandet hadde Plant frontmannen i Chic, Nile Rodgers, og dei tidlegare Yardbirds-gitaristane Jeff Beck og Jimmy Page—sistnemnde òg gitarist i Led Zeppelin i lag med Plant.
Til Plant sin store skrekk vart «Sea of Love» den mest seljande singelen til Plant nokon gong. I følgje Plant var det «Rockin' at Midnight» som skulle vere singel med «Sea of Love» som B-side. Singelen vart snudd fordi radiostasjonane spelte «Sea of Love» langt meir enn «Rockin' at Midnight». Plant frykta at karrieren hans var over på grunn av dette og at folk no ville sjå på hans om ein «smørsongar», i staden for ein rockesongar. Som følgje av dette omtalte Plant The Honeydrippers som «lagt på is» når han vart spurt om prosjektet i ettertid.«Rockin at Midnight» er ein ny versjon av Elvis Presley sin «Good Rockin' Tonight».
Albumet vart gjeven ut på ny i 2007 med bonusspor. Plant og Ertegün diskuterte høvet til å gjere eit nytt Honeydrippers-album, men då sistnemnde døydde i desember 2006 vart dette skrinlagt.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «I Get a Thrill» | Toombs | 2:37 |
2. | «Sea of Love» | Khoury, Phillips | 3:01 |
3. | «I Got a Woman» | Charles, Richard | 2:55 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Young Boy Blues» | Pomus, Spector | 3:28 |
2. | «Rockin' at Midnight» | Brown | 5:55 |
Lister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1984) | Topplassering |
---|---|
US Billboard 200 | 4 |
Den svenske albumlista[1] | 44 |
Den britiske albumlista[2] | 56 |
Den kanadiske albumlista[3] | 1 |
US Billboard Top R&B Albums | 67 |
Den tyske albumlista | 40 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Robert Plant - Vokal
- Jeff Beck - gitarar ( «I Got a Woman» og «Rockin' at Midnight»)
- Jimmy Page - gitarsoloar ( «Sea of Love» og «I Get a Thrill» )
- Wayne Pedziwiatr - bass
- Nile Rodgers - gitar, produsent
- Paul Shaffer - klaverinstrument
- Dave Weckl - trommer
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]- Produsentar: Nugetre (Ertegun stava baklengd), the Fabulous Brill Brothers (Page, Plant og Nile Rodgers)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Honeydrippers: Volume One» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Top 60 Albums - 7 December 1984». swedishcharts.com. Henta 29. mars 2011.
- ↑ «Top 100 Albums - 8 December 1984». chartstats.com. Henta 29. mars 2011.
- ↑ «RPM Albums Chart - 22 December 1984». RPM. Henta 29. mars 2011.