Hopp til innhald

Tea for the Tillerman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tea for the Tillerman
Studioalbum av Cat Stevens
Språk engelsk
Utgjeve 23. november 1970
Innspelt Mai til juli 1970
Studio
Sjanger Folkrock
Lengd 36:49
Selskap Island (UK/Europe)
A&M (US/Canada)
Produsent Paul Samwell-Smith
Cat Stevens-kronologi 
Mona Bone Jakon
(1970)
Tea for the Tillerman Teaser and the Firecat
(1971)


Singlar frå Tea for the Tillerman
  1. «Father and Son»
    Utgjeve: 1970
  2. «Wild World»
    Utgjeve: September 1970

Tea for the Tillerman er det fjerde studioalbumet til den engelske songar-låtskrivaren Cat Stevens, gjeve ut i november 1970.

Det var det andre album til Steven i løpet av 1970 og det inneheld mange av dei mest kjende songane hans som «Where Do the Children Play?», «Hard Headed Woman», «Wild World», «Sad Lisa», «Into White», og «Father and Son».

Stevens, som tidlegare var kunststudent, laga framsida på plateomslaget sjølv.

Med «Wild World» som ein førehandssingel, vart dette det store gjennombrotsalbumet til Stevens verda over, og det gjekk inn på topp 10 i USA.

I november 2008 vart det gitt ut ei ei «luksusutgåve» med ei andre plate med demoar og konsertopptak. I januar 2012 vart ein høgopplausleg 24/192 kHz-versjon nymastra med ein Ampex ATR100 og ein MSB Technology Studio ADC, gitt ut på Hdtracks.com.[1]

Femti år etter utgjevinga, i september 2020, gav Stevens ut albumet Tea for the Tillerman2, med nye tekstar og ny instrumentering, og han syng saman med sitt 22 år gamle eg i «Father and Son».[2]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[3]
Christgau's Record GuideB–[4]
Encyclopedia of Popular Music5/5 stars[5]

I ei samtidsmelding i The Village Voice meinte musikkritikaren Robert Christgau at musikken var monoton og mangla den «tørre delikatessa» Stevens viste på Mona Bone Jakon (1970).[6] Rolling Stone-kritikaren Ben Gerson sa at songane til Stevens uanstrengt gir gjenklang utover dei kunstnarisk enkle tekstane og knaggane deira, trass i hans tidvise overforbruk av dynamikk «for dramatisk effekt».[7]

I ei retrospektiv femstjerners melding rosa AllMusic-skribenten William Ruhlmann Stevens sine tema om spiritualitet og transcendens, og meinte at han hadde halde fram med å visa evnene sine som popmelodikar: «Som eit resultat vart Tea for the Tillerman ein storseljar, og for andre gongen på fire år vart skaparen ei popstjerne.»[8] 18. november 2003 inkluderte Rolling Stone dette albumet i lista over dei 500 beste albuma gjennom tidene, på 206. plass,[9] og plasserte det på nummer 208 i ei revidert liste frå 2012,[10] og 205. plassen den siste lista publisert i 2020. I 2006 vart albumet inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[11] I 2007 vart albumet inkludert i lista over «The Definitive 200 Albums of All Time», gjeve ut av The National Association of Recording Merchandisers og Rock and Roll Hall of Fame.[12] Albumet vart plassert på 342. plassen i Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums.[13]

Alle songar er skrivne av Cat Stevens.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Where Do the Children Play?»3:52
2.«Hard Headed Woman»3:47
3.«Wild World»3:20
4.«Sad Lisa»3:45
5.«Miles from Nowhere»3:37
Side to
Nr.TittelLengd
1.«But I Might Die Tonight»1:53
2.«Longer Boats»3:12
3.«Into White»3:24
4.«On the Road to Find Out»5:08
5.«Father and Son»3:41
6.«Tea for the Tillerman»1:01

Luksusutgåve

[endre | endre wikiteksten]

Originalalbumet.

Alle songar er skrivne av Cat Stevens.

Luksusutgåve: Plate 2[14]
Nr.TittelLengd
1.«Wild World» (Demo)3:14
2.«Longer Boats» (Spelt inn: 1. mai 1971 i Troubadour Club i Los Angeles)2:51
3.«Into White» (Spelt inn: 1. mai 1971 i Troubadour Club i Los Angeles)3:37
4.«Miles from Nowhere» (Demo)3:14
5.«Hard Headed Woman» (Spelt inn: 22. juli 1974 i Sunplaza Hall i Nakano i Tokyo i Japan)3:57
6.«Where Do the Children Play?» (Spelt inn: 22. februar 1976 i William & Mary College i Williamsburg i Virginia)3:20
7.«Sad Lisa» (Spelt inn: 22. februar 1976 at William & Mary College i Williamsburg i Virginia)3:13
8.«On the Road to Find Out» (Spelt inn: 8. juni 1971 på KCET PBS TV Full Circle i Los Angeles)4:57
9.«Father and Son» (Yusuf's Café Sessions)4:25
10.«Wild World» (Yusuf's Café Sessions)3:03
11.«Tea for the Tillerman» (Spelt inn: 27. november 1971 på BBC 2 TV Broadcast i London i England)0:50

Nyinnspeling

[endre | endre wikiteksten]

28. mai 2020 annonserte Yusuf at det nye albumet hans, Tea for the Tillerman2, som kom ut 18. september 2020. Tea for the Tillerman2 er ei gjenskaping av «dei same elleve songane for ein ny alder med dramatisk resultat», og feirar 50-årsjubileet til Tea for the Tillerman.

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
  • Cat Stevens – klassisk gitar, akustisk gitar, klaverinstrument, solovokal
  • Alun Davies – akustisk gitar, korvokal
  • Harvey Burns – trommer, conga, tamburin
  • John Ryan – kontrabass
  • Del Newmanstrykararrangement
  • Jack Rothstein (som John Rostein) – solofiolin

Salslister

[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1970–2020) Plassering
Australia Albums (Kent Music Report)[15] 2
Austerrikske album (Ö3 Austria)[16] 13
Tyske album (Offizielle Top 100)[17] 22
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[18] 20
Norske album (VG-lista)[19] 25
Spanske album (PROMUSICAE)[20] 99
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[21] 45
Britiske album (OCC)[22] 20
US Billboard 200[23] 8

Årslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1971) Plassering
US Billboard 200[24] 8

Salstrofé

[endre | endre wikiteksten]
Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[25] Platina 70 000^
Frankrike (SNEP)[26] Gull 100 000*
Tyskland (BVMI)[27] Platina 500 000^
New Zealand (RMNZ)[28] Gull 7 500^
Storbritannia (BPI)[29] Gull 100 000^
USA (RIAA)[30] 3× Platina 3 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

I popkulturen

[endre | endre wikiteksten]

Det avsluttande tittelsporet til den britiske situasjonskomedien Extras er «Tea for the Tillerman».

Opningsscena til ein episode av The Simpsons frå 2014 med tittelen «Super Franchise Me» parodierte coveret til dette albumet, med tittelsporet spelt over det.[31]

Ein tidlegare upublisert versjon av «But I Might Die Tonight» vart brukt i filmen Deep End i opnings- og avslutningsscena i 1970. Den versjonen av songen som vart brukt i filmen vart til slutt gitt ut i 2020.[32]

Fire av songane frå dette albumet vart brukt i filmen Harold and Maude frå 1971: «Tea for the Tillerman», «Where Do the Children Play», «Miles from Nowhere» og «On the Road to Find Out».

Songen «Father and Son» vart brukt i avslutningsscena i filmen Guardians of the Galaxy Vol. 2 frå 2017.[33] Songen er òg med i filmen The Boat That Rocked frå 2009.[34]

  1. «Tea for the Tillerman». HDtracks.com. Henta 10. april 2023. 
  2. Boilen, Bob. «Yusuf Cat Stevens on Remaking 'Tea for the Tillerman' 50 Years Later». All Songs Considered. NPR. Henta 10. april 2023. 
  3. Tea for the TillermanAllmusic
  4. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: S». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 13. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  5. Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0857125958. 
  6. Christgau, Robert (10. juni 1971). «Consumer Guide (18)». The Village Voice (New York). Henta 10. april 2023. 
  7. Gerson, Ben (18. februar 1971). «Cat Stevens Tea for the Tillerman > Anmeldelse». Rolling Stone (76). Arkivert frå originalen 20. juni 2008. Henta 10. april 2023. 
  8. Ruhlmann, William. Tea for the TillermanAllmusic
  9. Levy, Joe; Van Zandt, Steven. «206 | Tea for the Tillerman - Cat Stevens». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 3. november 2011. Henta 10. april 2023. 
  10. «500 Greatest Albums of All Time: Tea for the Tillerman - Cat Stevens». Rolling Stone. 2012. Henta 10. april 2023. 
  11. «1001 Albums You Must Hear». rocklistmusic.co.uk. 2008. 
  12. «The 200 Definitive Albums Of All Time Rock & Roll Hall Of Fame 2007». Esprit International Limited. 
  13. Colin Larkin, red. (2000). All Time Top 1000 Albums (3. utg.). Virgin Books. s. 136. ISBN 0-7535-0493-6. 
  14. «Cat Stevens – Tour Dates at Majicat». majicat.com. 16. november 2014. Henta 16. november 2014. 
  15. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 293. ISBN 0-646-11917-6. 
  16. "Cat Stevens - Tea for the Tillerman" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien.
  17. "Offiziellecharts.de – Cat Stevens – Tea for the Tillerman" (På tysk). GfK Entertainment Charts.
  18. "Cat Stevens – Tea for the Tillerman". Charts.org.nz. Hung Medien.
  19. "Cat Stevens – Tea for the Tillerman". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
  20. "Cat Stevens – Tea for the Tillerman". Spanishcharts.com. Hung Medien.
  21. "Cat Stevens – Tea for the Tillerman". Swisscharts.com. Hung Medien.
  22. "Cat Stevens | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  23. "Cat Stevens Album & Song Chart History" Billboard 200 for Cat Stevens. Prometheus Global Media.
  24. «Top Billboard 200 Albums – Year-End 1971». Billboard. Henta 10. april 2023. 
  25. «ARIA Charts – Accreditations – 2009 Albums». Australian Recording Industry Association. Henta 10. april 2023. 
  26. «French album salstrofé – Cat Stevens – Tea For The Tillerman» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Henta 10. april 2023. 
  27. «Gold-/Platin-Datenbank (Cat Stevens; 'Tea For The Tillerman')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  28. «New Zealand album salstrofé – Cat Stevens – Tea For The Tillerman». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 16. oktober 2021. 
  29. «British album salstrofé – Cat Stevens – Tea For The Tillerman». British Phonographic Industry.  Enter Tea For The Tillerman in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  30. «American album salstrofé – Cat Stevens – Tea For The Tillerman». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  31. Goldberg, Lesley (10. april 2023). «Se 'The Simpsons' utfordre Cat Stevens i siste sofaparodi». The Hollywood Reporter. Henta 10. april 2023. 
  32. «Deep End». catstevens.com. 
  33. «Guardians of the Galaxy 2: Awesome Mixtape Vol. 2 tracklist released, featuring ELO and Fleetwood Mac». The Independent. 19. april 2017. 
  34. «Pirate Radio (2009) Soundtrack». IMDb.