Songen By the Light of the Silvery Moon
Utsjånad
«By the Light of the Silvery Moon» | |
Musikk av | Gus Edwards |
---|---|
Tekst av | Edward Madden |
Publisert | 1909 |
«By the Light of the Silvery Moon» eller «By the Light of the Silv'ry Moon» er ein populær song. Musikken vart komponert av Gus Edwards og teksten skriven av Edward Madden. Songen vart publisert i 1909 og først framført på scenen av Lillian Lorraine. Det var ein av ei rekkje måne-relaterte Tin Pan Alley-songar i denne tida.
Songen har blitt brukt i mange fjernsynsseriar og filmar. Ein film med same namn kom i 1953 med Doris Day i ei av rollene.
Parodi
[endre | endre wikiteksten]Billy Murray spelte songen «Stand Up and Sing for Your Father an Old Time Tune» i 1923. Teksten er ein parodi på «By the Light of the Silvery Moon», og omhandlar ein gammal mann som meinte songen var overflatisk.
Innspelingar
[endre | endre wikiteksten]- Billy Murray og Haydn Quartet spelte inn songen 22. desember 1910.
- Ada Jones i mai 1910.
- Fats Waller and His Rhythm, vokal og piano av Fats Waller med Deep River Boys. Spelt inn i New York City den 13. juli 1942.[1]
- Doris Day for albumet By the Light of the Silvery Moon i 1953.
- Etta James, 1957
- Jimmy Bowen gav ut ein versjon av songen som B-sida til singelen «The Two Step» i 1958. Denne nådde 50. plassen på den amerikanske poplista.[2]
- Gene Vincent for albumet Gene Vincent Rocks and the Blue Caps Roll, Capitol Records, 1958
- Little Richard, Specialty Records, 1958
- Kidsongs, 1995
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «By the Light of the Silvery Moon (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: