Shapinsay
Shapinsay | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 59°03′N 2°52′W / 59.05°N 2.86°W |
Øygruppe | Orknøyane
|
Areal | 29,48 km²
|
Høgaste punkt | Ward Hill (64 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Orknøyane |
Største busetnad | Balfour
|
Demografi | |
Folketal | 300 (2001) |
Folketettleik | 10,2 /km² |
Shapinsay er ei øy i Orknøyane utanfor nordkysten av Skottland. Det er éin landsby på øya, Balfour som har ferjesamband til Kirkwall på Orkney Mainland. Balfour Castle, bygt i skotsk baronistil, er ein av dei største attraksjonane på øya og eit minnesmerke etter familien Balfour som levde her på 1700- og 1800-talet. Familien Balfour omforma livet på øya ved å innføre nye jordbruksteknikkar. Andre landemerker er ein ståande stein, ein broch frå jernalderen og ein saltvassdusj.
Øya har eit areal på 29,5 kvadratkilometer og er den åttande største øya i Orknøyane. Ho er låg og frodig og det meste av ho vert nytta til jordbruk. Shapinsay har to naturreservat og er kjend for fuglelivet.[1]
I 2001 hadde Shapinsay 300 innbyggjarar.[2] Økonomien på øya er hovudsakleg basert på jordbruk, bortsett frå nokre små føretak som hovudsakleg er basert på turisme. Det er planar om å byggje vindturbinar på øya.[3]
Namnet på øya er ikkje like enkelt å tolke som mange av dei andre øynamna i Orknøyane. Den siste stavinga 'ay' kjem frå norrønt for øy, men dei to første stavingane er meir vanskeleg å tyde.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Shapinsay» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Island Explorations—Shapinsay». The Orkney Website. Arkivert frå originalen 9. oktober 2007. Henta 20. mars 2010.
- ↑ «Notes on the 2001 Census». Orkney Local Economic Forum. Highlands and Islands Enterprise. 10. juli 2007. Arkivert frå originalen (Microsoft Word document) 16. juli 2011. Henta 20. mars 2010.
- ↑ «Shapinsay is positive about the future». Orkney Today. 20. september 2007. Henta 20. mars 2010.[daud lenkje]