Hopp til innhald

Ry Cooder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ry Cooder

Cooder i 2009
Fødd15. mars 1947 (77 år)
FødestadLos Angeles i California i USA
FødenamnRyland Peter Cooder
OpphavSanta Monica, California
AktivSidan 1967
Sjanger
Instrument
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Musikar
  • låtskrivar
  • filmmusikkomponist
  • plateprodusent
BornJoachim Cooder
PrisarGrammy Award, Americana Lifetime Achievement Award for Instrumentalist

Ryland Peter Cooder (fødd 15. mars 1947)[2] er ein USA-amerikansk musikar, låtskrivar, filmmusikkomponist og plateprodusent. Han spelar mange instrument, men er mest kjend for slidegitarspelet sitt, interessa i tradisjonell musikk frå USA, og samarbeid med tradisjonelle musikarar frå mange land.

Som soloartist har Cooder spelt innan mange sjangrar. Han har spelt i lag med John Lee Hooker, Captain Beefheart, Gordon Lightfoot, Ali Farka Touré, Eric Clapton, The Rolling Stones, Van Morrison, Neil Young, Randy Newman, Linda Ronstadt, David Lindley, The Chieftains, The Doobie Brothers og Carla Olson & the Textones (på plate og film). Han skipa bandet Little Village. Han produserte òg albumet Buena Vista Social Club album (1997), som vart ein hit verda over. Wim Wenders regisserte dokumentarfilmen med same namn (1999), som vart nominert til ein Oscar i 2000.

Cooder vart rangert på åttandeplassen på Rolling Stone si liste frå 2003 over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene,[3] vald ut av David Fricke. Ei liknande liste frå 2010 av Gibson plasserte han på 32. plassen.[4]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Filmmusikk

[endre | endre wikiteksten]
  • Performance (1970)
  • The Long Riders (juni 1980)
  • Southern Comfort (1981)
  • The Border (1982)
  • Streets of Fire (1984)
  • Paris, Texas (februar 1985)
  • Music from Alamo Bay (august 1985)
  • Blue City (juli 1986)
  • Crossroads (juli 1986)
  • Cocktail (1988)
  • Johnny Handsome (oktober 1989)
  • Trespass (januar 1993)
  • Geronimo: An American Legend (1993)
  • Last Man Standing (1996)
  • The End of Violence (1997)
  • Primary Colors (1998)
  • My Blueberry Nights (2007)

Som gjestemusikar

[endre | endre wikiteksten]


  • Ry Cooder and the Moula Banda Rhythm Aces: at The Catalyst, Santa Cruz, California; 25. mars 1987 (1987)
  1. Chinen, Nate (15. november 2015). «Review: Ry Cooder, Ricky Skaggs and the Whites, a Roots-Music Celebration». The New York Times. 
  2. Gillett, Charlie (primary contributor). «Ry Cooder». Encyclopædia Britannica. Henta 24. april 2020. 
  3. «The 100 Greatest Guitarists of All Time». Rolling Stone. 18. september 2003. Henta 24. april 2020. [daud lenkje]
  4. «Gibson.com Reveals Top 50 Guitarists, Plus Readers Poll Results». Gibson Guitar Corporation. 28. mai 2010. Arkivert frå originalen 1. juni 2010. Henta 24. april 2020. 
  5. «Premiere: Ry Cooder's 'Shrinking Man' from his forthcoming 'The Prodigal Son'». LATimes.com. Henta 8. mars 2018. 
  6. «Fusion (19) - Border Town». Discogs. Henta 24. april 2020. 
  7. «Original Soundtrack: Blue Collar credits». AllMusic. Henta 16. oktober 2018. 
  8. Zevon, Warren, The Wind, CD, Artimis Records, ATM-CD-51156, 2003
  9. Enjoy Every Sandwich: The Songs of Warren Zevon, Various artists,CD, Artimis Records ATM-CD-51581, 2004
  10. «Los Angeles Stories (Ry Cooder)». Citylights.com. Henta 7. januar 2015. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ry Cooder