Rodney Crowell
Utsjånad
Rodney Crowell | |||
Crowell på scenen på Whelan's i Dublin i januar 2009 | |||
Fødd | 7. august 1950 (74 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Houston i Texas | ||
Opphav | Jacinto City i Texas i USA | ||
Aktiv | Sidan 1972 | ||
Sjanger | Country, americana, countryrock, folk | ||
Instrument | Vokal gitar | ||
Tilknytte artistar | Rosanne Cash, Steuart Smith, Emmylou Harris, The Cicadas, The Notorious Cherry Bombs, Los Super Seven, Nitty Gritty Dirt Band | ||
Plateselskap | Warner Bros., Columbia, MCA, Sugar Hill, Epic, Yep Roc, Vanguard, New West | ||
Verka som | Songar-låtskrivar, plateprodusent, artist, musikalsk leiar | ||
Gift med | Claudia Church, Rosanne Cash | ||
Prisar | Americana Award for Duo/Group of the Year, Americana Award for Duo/Group of the Year, Americana Lifetime Achievement Award for Songwriting |
Rodney Crowell (fødd 7. august 1950) er ein USA-amerikansk musikar, hovudsakleg kjend som countrysongar og låtskrivar. Crowell har hatt fem singlar på toppen av Hot Country Songs-lista i USA, alle frå albumet Diamonds & Dirt frå 1988. Han har òg skrive songar og produsert musikk for andre artistar.
Han var inspirert av låtskrivarane Guy Clark og Townes Van Zandt. Crowell spelte gitar og song i tre år i bandet til Emmylou Harris, «Hot Band».
Han har vunne to Grammyprisar, ein i 1990 for beste countrysong med «After All This Time» og ein i 2014 for beste americanaalbum medOld Yellow Moon.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rodney Crowell» frå Wikipedia på engelsk, den 12. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: