Hopp til innhald

Peter Bakkejord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Bakkejord
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. mai 1852
Død

26. september 1925 (73 år)

Yrke politikar
Språk norsk, kvensk, nordsamisk
Politisk parti Venstre

Peter Marthinus Pedersson Bakkejord (17. mai 185226. september 1925) var ein norsk fiskar, gardbrukar og stortingsmann frå Ankenes i Nordland. Han var medlem av Venstre.

Bakkejord dreiv fiske i Lofoten og på Finnmarka til kring 1880. Han tok då over farsgarden i Ankenes, dreiv i tillegg som snikkar og tømrar. Han var medlem av heradsstyret i 26 år, i fleire år var han varaordførar. Elles var han medlem av åstadsforlikskommisjonen og i mange år var han rettstolk i samisk og kvensk språk. Han var medlem av bygnings- og reguleringskommisjonen for den nye byen Narvik, åra 1898-1902 var han branndirektør for byen.

Bakkejord var einmannskrinsen Nordre Salten sin representant på Stortinget 1906-12. I begge dei to tingbolkane var han medlem av tollkomiteen, i den siste, 1910-12, også av Lagtinget.