Olaug Løken
Utsjånad
Olaug Løken | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. november 1854 |
Død |
11. mars 1925 (70 år) |
Yrke | skribent |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Far | Herman Løchen |
Mor | Anna Margretha Jenssen Løchen |
Ektefelle | Hjalmar Løken |
Olaug Marie Løken (29. november 1854–11. mars 1925) var ei norsk kvinnesakskvinne og kokebokforfattar frå Inderøy i Nord-Trøndelag. Ho var gift med Hjalmar Løken og dotter til Herman Løchen.
Olaug Løken var utdanna i helsestell. Ho var ein aktiv skribent i Norske Intelligenz-Seddeler, avisa ektemaken dreiv. Sidan gav ho ut opplysnings- og agitasjonsskrift, særleg stor utbreiing fekk Madstel og Husstel for almindelige Husholdninger frå 1897, som kom i eit samla opplag på 49 000. Av andre skrift kan nemnast Hvad lærer Bibelen om Kvindens Stilling? (1885) og Barnestel. En liden Bog for unge Mødre (1903).