Oh Happy Day
Oh Happy Day LP av Edwin Hawkins Singers frå albumet Let Us Go Into the House of the Lord | ||
B-side |
«Jesus, Lover of My Soul» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1968 (April 1969 i USA) | |
Innspelt | 1967, Ephesian Church of God in Christ, Berkeley i California | |
Sjanger | Gospel | |
Lengd | 4:59 | |
Selskap | Pavilion/Buddah | |
Låtskrivar(ar) | Edwin Hawkins, basert på ein 1700-talssalme | |
Produsent | Edwin Hawkins | |
Edwin Hawkins Singers-kronologi | ||
Oh Happy Day | «All God's Children Got Soul»
(1969)
|
«Oh Happy Day» er ein gospelsong frå 1967 basert ein salme frå 1700-talet. Songen vart innspelt av Edwin Hawkins Singers og vart ein internasjonal hit i 1969, då han nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 i USA, toppen av listene i Frankrike, Tyskland og Nederland og andreplassen på både UK Singles Chart og Irish Singles Chart. Han har sidan blitt ein gospelstandard.
Innspelinga er kjend for eit sordinert piano og at frontsongaren, Dorothy Combs Morrison, er dominerande i den venstre stereokanalen. Innspelinga vart gjort i kyrkja til Hawkins, Ephesian Church of God in Christ i Berkeley i California.[1]
Opphav
[endre | endre wikiteksten]Gospelarrangementet til Edwin Hawkins av salmen «Oh, Happy Day» har ei lang utvikling. Songen byrjar som ein salme på midten av 1700-talet («O happy day, that fixed my choice») av den engelske presten Philip Doddridge (basert på Apostelgjerningane 8:35) og sett til ein tidlegare melodi (1704) av J. A. Freylinghausen. På midten av 1800-talet fekk han ny melodi av Edward F. Rimbault, som òg la til eit refreng,[2] og vart ofte nytta til dåp og konfirmasjon i Storbritannia og USA. På 1900-talet vart songen endra 3/4-takt til 4/4-takt og dette nye arrangementet av Hawkins består berre av refrenget til Rimbault, utan dei originale versa.
B-sida til singelen var Hawkins sitt moderne arrangement av «Jesus, Lover of My Soul» opphavleg skriven av Charles Wesley i 1740.[3][4]
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]Arrangementet til Hawkins vart raskt ein «standard» og har sidan blitt spelt inn av hundrevis av artistar. Songen vart innlemma på lista til RIAA over Songs of the Century og Hawkins vann Grammy-prisen for beste soulgospelsong i 1970 (framført av The Edwin Hawkins Singers).[5]
I konsertversjonar og akustiske versjonar av Nick Cave-songen «Deanna» (1988), er det brukt delar av «Oh Happy Day», noko som har avslørt inspirasjonen Cave hadde då han skreiv songen.[6] George Harrison har sagt at songen var hovudinspirasjonskjelda hans då han skreiv den internasjonale hitsingelen «My Sweet Lord» i 1970.[7]
Songen er blitt brukt i mange filmar, som i byrjinga av den tyske filmen Seventeen and Anxious i 1970, men mest kjend i Whoopi Goldberg sin Sister Act 2,[8] der den då 17 år gamle Ryan Toby syng som frontmann. Songen er òg nytta i Big Momma's House,[9] Nutty Professor II: The Klumps,[10] David LaChapelle-filmen Rize frå 2005,[11] Robin William-filmen License to Wed frå 2007[12] og biografifilmen av Walt Disney Pictures Secretariat frå 2010.
Lister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Club Nouveau inkluderte songen i 1992 på albumet A New Beginning. Singelen nådde 45. plassen på US R&B Chart.
- Det italienske bandet Domodossola spelte inn ein italiensk versjon av songen, «Amori miei».[22][23]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Dorothy Combs Morrison – solovokal
- Edwin Hawkins – kordirigent, arrangør, piano
- Betty Watson – meddirigent, sopranvokal
- Kor – Walter Hawkins, Tramaine Hawkins, Elaine Kelly, Margarette Branch, Rueben Franklin, Donald Cashmere, Ruth Lyons og 40 andre.
- trommer, bass og perkusjon – ukjend
- Produsert av La Mont Bench.
- Innspelt live 1967 i Ephesian Church of God in Christ i Berkeley i California.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Oh Happy Day» frå Wikipedia på engelsk, den 23. februar 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Original Seeds, CD-hefte av Kim Beissel
- ↑ [1]
- ↑ P. Doddridge and E. F. Rimbault, «Happy Day», in Joseph Flintoft Berry og Charles H. Gabriel (1914), edd., Hymns of the Heart, New York: Methodist Book Concern, Hymn 134.
- ↑ [2]
- ↑ [3]
- ↑ Hawkins Grammy Award 1970, Washington Post.
- ↑ Acoustic Version Video på YouTube
- ↑ DeMain, Bill. «George Harrison’s 'My Sweet Lord' Copyright Case». Performing Songwriter.[daud lenkje] Henta 2013-01-30.
- ↑ Sister Act 2: Back In The Habit, IMDB Soundtrack Track Listing.
- ↑ Big Momma's House, IMDB Soundtrack Track Listing.
- ↑ Nutty Professor II: The Klumps, IMDB Soundtrack Track Listing.
- ↑ IMDB Rize Soundtrack Track Listing.
- ↑ IMDB License to Wed Soundtrack Track Listing.
- ↑ http://www.bac-lac.gc.ca/eng/discover/films-videos-sound-recordings/rpm/Pages/image.aspx?Image=nlc008388.6150&URLjpg=https%3a%2f%2fround-lake.dustinice.workers.dev%3a443%2fhttp%2fwww.collectionscanada.gc.ca%2fobj%2f028020%2ff4%2fnlc008388.6150.gif&Ecopy=nlc008388.6150
- ↑ http://www.bac-lac.gc.ca/eng/discover/films-videos-sound-recordings/rpm/Pages/image.aspx?Image=nlc008388.6159&URLjpg=https%3a%2f%2fround-lake.dustinice.workers.dev%3a443%2fhttp%2fwww.collectionscanada.gc.ca%2fobj%2f028020%2ff4%2fnlc008388.6159.gif&Ecopy=nlc008388.6159
- ↑ http://www.flavourofnz.co.nz/index.php?qpageID=search%20listener&qartistid=1236#n_view_location
- ↑ [Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955–2002]
- ↑ 17,0 17,1 http://rateyourmusic.com/list/goldwax317/1969__the_top_100_soul_randb_singles/
- ↑ 18,0 18,1 arkivkopi, arkivert frå originalen 11. desember 2014, henta 23. februar 2017
- ↑ http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.6104&type=1&interval=24&PHPSESSID=mhe12pta2k83e08udtq66ot062
- ↑ http://www.uk-charts.top-source.info/top-100-1969.shtml
- ↑ http://www.musicoutfitters.com/topsongs/1969.htm
- ↑ Enzo Giannelli. «Domodossola». Gino Castaldo (ed.). Dizionario della canzone italiana. Curcio Editore, 1990.
- ↑ Eddy Anselmi. «I Domodossola». Festival di Sanremo: almanacco illustrato della canzone italiana. Panini Comics, 2009. ISBN 8863462291.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- USA-amerikanske salmar
- Songar frå 1700-talet
- Gospelsongar
- Singlar frå 1969
- Nummer-ein-singlar i Tyskland
- Nummer-ein-singlar i Sveits
- Grammy Hall of Fame Award
- Glen Campbell-songar
- CeCe Peniston-songar
- Quincy Jones-songar
- Joan Baez-songar
- Brook Benton-songar
- Wanda Jackson-songar
- Etta James-songar
- Judy Collins-songar
- Aretha Franklin-songar
- Mavis Staples-songar
- Bobby Womack-songar
- Paul Weller-songar
- Queen Latifah-songar
- Dizzy Gillespie-songar
- Milt Jackson-songar