Michael Davis
Utsjånad
Michael Davis | |||
Michael Davis | |||
Fødd | 5. juni 1943 | ||
---|---|---|---|
Død | 17. februar 2012 (68 år) | ||
Dødsstad | Chico i California | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Rock | ||
Instrument | gitar | ||
Tilknytte artistar | MC5 | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, produsent |
Michael Davis (5. juni 1943–17. februar 2012)[1] var ein USA-amerikansk bassist, songar, låtskrivar og produsent. Han var mest kjend som medlem av MC5 frå 1964 til 1972.
Han spelte bass på dei tre originale albuma til MC5, inkludert debutplata Kick Out the Jams. I 1975-1976 sat Davis fengsel i Kentucky for dopmisbruk.
Då han kom ut av fengsel spelte Davis i det Ann Arbor-baserte kunststøybandet Destroy All Monsters.[2] Sidan spelte han i Blood Orange.
Davis døydde av leversvikt 17. februar 2012, 68 år gammal.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Michael Davis (bassist)» frå Wikipedia på engelsk, den 5. mai 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «AP NewsBreak: Bassist Michael Davis from influential '60s band MC5 dies at age 68». The Washington Post. 19. februar 2012. Henta 19. februar 2012.
- ↑ Ankeny, Jason. «Destroy All Monsters: Biography». Allmusic. Henta 4. februar 2011.