Key to the Highway
Key to the Highway Singel av Charlie Segar | ||
B-side |
«Stop and Fix It Mama» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1940 | |
Innspelt | Chicago 23. februar 1940 | |
Sjanger | Blues | |
Lengd | 2:54 | |
Selskap | Vokalion (Cat. nr. 5441) | |
Charlie Segar-kronologi | ||
«Cow Cow Blues» (1935) |
Key to the Highway | «Dissatisfied Blues» (1940)
|
«Key to the Highway» er ein bluesstandard først spelt inn av Charlie Segar i 1940. Segar, stundom kjend som «Key Board Wizard Supreme», var ein bluespianist og stundom songar frå Pensacola i Florida.[1] Han flytte til Chicago, der han gjorde innspelignar med andre bluesartistar, som Bumble Bee Slim og Memphis Minnie, samt songar på eiga hand.[1] «Key to the Highway» er ein av åtte kjende songar Segar spelte inn med sitt eige namn mellom 1934 og 1940 for Decca og Vokalion.
«Key to the Highway» er vanlegvis tilskriven Charles «Chas» Segar og William «Big Bill» Broonzy.[2]
Charlie Segar sin originale «Key to the Highway» vart gjort i middels tempo som ein 12-taktsblues. Då Jazz Gillum seinare spelte han same året (med Big Bill Broonzy på gitar), endra han melodien og arrangementet til ein 8-taktsblues, som han vanlegvis er kjend som. Eit år seinare spelte Broonzy inn «Key to the Highway» med arrangementet og melodien til Gillum, og skapte ein av dei mest kjende av dei tidlegare versjonane av songen. I 2010 vart Broonzy si utgåve innlemma i Blues Hall of Fame i kategorien «Classics of Blues Recordings».[3]
Little Walter-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Key to the Highway Singel av Little Walter and his Jukes | ||
B-side |
«Rock Bottom» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1958[4] | |
Innspelt | August 1958[5] | |
Sjanger | Chicago blues | |
Lengd | 2:48 | |
Selskap | Checker 904[5] | |
Produsent | Leonard Chess, Phil Chess, Willie Dixon[5] | |
Little Walter and his Jukes-kronologi | ||
«The Toddle» (1958) |
Key to the Highway | «My Baby's Sweeter» (1959)
|
Kort tid etter venen Broonzy døydde i 1958, spelte Little Walter inn «Key to the Highway» som ein Chicago-blues (Checker 904). Innspelinga vart gjort i august og med seg hadde Walter (vokal og munnspel) Muddy Waters (slidegitar), Luther Tucker (gitar), Otis Spann (piano), Willie Dixon (bass) og George Hunter (trommer).[5] Songen vart ein hitt og låg 14 veker på R&B-lista til Billboard, der han nådde sjetteplass i 1958.[6]
Eric Clapton-versjonar
[endre | endre wikiteksten]Eric Clapton spelte inn den mest kjende versjonen av songen fro Derek and the Dominos-albumet Layla and Other Assorted Love Songs i 1970. Den varer over ni minuttar, og var i røynda ein tilfeldig jam mellom Clapton og Duane Allman. Dei ska ha høyrt songaren Sam Samudio («Sam the Sham») gjere songen i eit studio like ved og starta spontant å spele han. Dette jaga opp produsenten Tom Dowd, som høyrte kva som skjedde og raskt bad lydteknikarane om å starte opptak. Dette forklarar kvifor sporet tonar inn, fordi dei alt hadde starta songen.[7]
Songen finst på 1995-utgåva av Eric Clapton's Rainbow Concert frå 1973. Clapton spelte òg på Johnnie Johnson si utgåve i 1991 og igjen med blueslegenda B.B. King i 2001 på Riding with the King. Under ein Allman Brothers-konsert i Beacon Theatre i New York City i mars 2009, var Clapton med bandet på scenen for å spele denne songen.[8]
Keith Richards og Eric Clapton, med eit band med blant andre Steve Jordan på trommer, covra "Key To The Highway" på Crossroads Guitar Festival i 2013.
Rolling Stones
[endre | endre wikiteksten]I 1964 spelte the Rolling Stones ein versjon av «Key to the Highway» i Chess Studios i Chicago. Over 20 år seinare vart eit 33 sekund langt klipp av dette gjeve ut på slutten av albumet Dirty Work.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Jazz Gillum-arrangementen av «Key to the Highway» er spelt eller framført av mange andre artistar, som :
- Luther Allison på Standing At The Crossroad (1977)[9]
- The Band på 2000-utgåva av Music from Big Pink
- Count Basie med Joe Williams på 'Just The Blues (1960)[10]
- Carey Bell & Lurrie Bell på Second Nature (1991)[11]
- Brook Benton på The Boll Weevil Song and 11 other Great Hits[12].
- Eddie Boyd med Peter Green på Eddie Boyd and His Blues Band, Decca (1967)
- Honeyboy Edwards på Blues Blues (1975)
- Buddy Guy og Junior Wells på Last Time Around-Live at Legends, frå 1993[13].
- John Hammond på Frogs for Snakes (1981)
- John Lee Hooker på Burning Hell (1959)[14]
- Johnnie Johnson på Johnnie B. Bad (1991)
- Detroit Junior på Live at the Toledo Museum of Art (2003)
- B.B. King i filmdokumenaren The Road to Memphis
- Slash's Blues Ball på House of Blues n New Orleans i 1997.
- Freddie King på Getting Ready (1971)
- Jo-Ann Kelly på Black Rat Swing[15]
- Sonny Landreth på Blues Attack I 1981[16]
- Mance Lipscomb på Texas Songster Volume 2 (1964) og Live at the Cabale (1998)
- Snooky Pryor på Snooky (1989)[17][18]
- Sam Samudio som B-side til Me and Bobby McGee (1970, ATLANTIC 45-2767)[19]
- Steve Miller Band på, Children of the Future (1968)
- Rolling Stones (1964) akustisk i Chess Studios i Chicago
- Memphis Slim, på Folkways Years 1959-73 album[20] og samleplata Messin' Around
- Mick Taylor jammar med Keith Richards i 1981
- Sonny Terry & Brownie McGhee på the Pete Seeger TV show
- Derek Trucks (2008, 2009)
- Muddy Waters på London Sessions I 1971[21]
- Junior Wells på On Tap (1975)[22]
- Big Joe Williams på Ramblin' på My Mind(1965)[23]
- Johnny Winter med Randy Jo Hobbs på TV i 1971
- Jimmy Witherspoon på Spoon & Groove[24], a belatedly released 1960s' session med Groove Holmes[25]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Key to the Highway» frå Wikipedia på engelsk, den 13. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Evans, David (2008). Ramblin' On My Mind: New Perspectives on the Blues, University of Illinois Press, ISBN 9780252074486.
- ↑ «Key to the Highway». allmusic. Henta 14. mars 2011.
- ↑ «Blues Hall of Fame - Inductees». The Blues Foundation. 2010. Henta 14. mars 2011.
- ↑ http://globaldogproductions.info/c/checker.html
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 (1992) Plateomslagstekst for Chess Blues 1947-1967 av various artists [CD liner]. United States: Chess/MCA Records (CHD3-9340). Arkivert 2011-01-05 ved Wayback Machine.
- ↑ Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942-1988, Records Research, Inc., ISBN 9780898200690.
- ↑ The Layla Sessions liner notes, s. 6.
- ↑ Key To The Highway - ABB w/ Eric Clapton 3/19/09
- ↑ Amazon album track listing and audio snippet
- ↑ Discogs
- ↑ Amazon review and audio snippet
- ↑ Discogs listing
- ↑ Amazon album review
- ↑ John Lee Hooker Amazon reviews med audio snippet
- ↑ Amazon track listing
- ↑ Landreth discography
- ↑ Snooky Prior discography
- ↑ Amazon track listing for Snooky including audio snippet of the song
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 1. mai 2011, henta 13. mars 2011
- ↑ Included på the Folkways Years 1959-73 album
- ↑ Amazon review
- ↑ Amazon track listing and review for Junior Wells On Tap
- ↑ Big Joe Williams discography
- ↑ Listen to a short sample here[daud lenkje]
- ↑ Amazon review
- Singlar frå 1958
- B.B. King-songar
- Big Bill Broonzy-songar
- Bluessongar
- Checker Records-singlar
- Vocalion Records-singlar
- Derek and the Dominos-songar
- Eric Clapton-songar
- Grammy Hall of Fame Award
- Little Walter-songar
- Muddy Waters-songar
- Okeh Records-singlar
- John Lee Hooker-songar
- Brook Benton-songar
- Dinah Washington-songar
- Steve Miller Band-songar
- Jimi Hendrix-songar
- Junior Wells-songar
- John Hammond-songar
- Rick Derringer-songar
- Keith Richards-songar
- The Band-songar
- Songar om vegar