I Love You Because
I Love You Because Singel av Leon Payne | ||
B-side |
«A Link in the Chain of Broken Hearts» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1949 | |
Sjanger | Country | |
Selskap | Capitol | |
Komponist | Leon Payne | |
Tekstforfattar | Leon Payne | |
Låtskrivar(ar) | Leon Payne | |
Leon Payne-kronologi | ||
«Baby Boy» (1948) |
I Love You Because | «My Daddy» (1951)
|
«I Love You Because» er ein song frå 1949 skriven og spelt inn av Leon Payne. Songen har blitt spelt av mange artistar gjennom åra, mellom andre hitversjonar av Al Martino i 1963 og Jim Reeves i 1964.
Leon Payne-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Originalversjonen til Leon Payne frå 1949 nådde fjerdeplassen på Billboard Country & Western Best Seller-lista og låg to veker på toppen av Country & Western Disk Jockey List, totalt 32 veker på lista.[1] «I Love You Because» var den einaste songen til Payne som nådde couintrylista.
Al Martino-versjonen
[endre | endre wikiteksten]I Love You Because Song av Al Martino frå albumet I Love You Because | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1963 | |
Sjanger | country | |
Selskap | Capitol | |
Komponist | Leon Payne | |
Tekstforfattar | Leon Payne | |
Låtskrivar(ar) | Leon Payne |
---|
I 1963 gav Al Martino ut den mest suksessrike versjonen av songen og nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100-lista og nådde toppen av Middle-Road-lista (eller Easy Listening) for to veker i mai det året.[2]
Jim Reeves-versjonen
[endre | endre wikiteksten]I 1964 spelte den amerikanske countrysongaren Jim Reeves inn songen og nådde femteplassen i Storbritannia og heilt til topps i Noreg. I 1976 vart songen tittelsporet på eit posthumt album av Jim Reeves, som nådde 24. plassen på den amerikanske countrylista. Singelversjonen nådde 54. plassen i USA det året.
Lister
[endre | endre wikiteksten]Vekeslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1964) | Plassering |
---|---|
VG-lista i Noreg | 1 |
Irish Singles Chart | 1 |
UK Singles Chart | 5 |
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- I 1950 spelte Ernest Tubb og Clyde Moody inn kvar sin versjon av songen, og begge gjekk inn på topp 10 på Country & Western-lista.
- Ein versjon av Johnny Cash nådde 20. plassen på singellista i 1960.
- Carl Smith-versjonen nådde 14. plassen i 1969.
- I 1983 fekk Roger Whittaker ein liten hit på countrylista med songen.[3]
- Andre artistar som har spelt inn songen er Elvis Presley, Hank Locklin, Matt Monro, Slim Whitman, Jerry Lee Lewis, George Jones, Willie Nelson, Jean Shepard, Harry James og Ray Price. Presley-innspelinga er frå 1954 og er ei av dei tidlegare innspelingane hans som vart gjeven ut av RCA Records i levetida hans (tidlegare demoar og andre spor vart gjevne ut etter han døydde i 1977).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «I Love You Because (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 265.
- ↑ Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 159.
- ↑ Roger Whittaker-Biography http://www.cmt.com/artists/az/whittaker_roger/bio.jhtml
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]
Føregangar «La meg være ung» Wenche Myhre |
Toppen av VG-lista Jim Reeves 14 veker, veke 18–31, 1964 |
Etterfylgjar «A Hard Day's Night» The Beatles |
- Songar på toppen av VG-lista
- Songar frå 1949
- Singlar frå 1963
- Songar skrivne av Leon Payne
- Al Martino-songar
- Johnny Cash-songar
- Carl Smith-songar
- Jim Reeves-songar
- Songar på toppen av Billboard Adult Contemporary-lista
- Ernest Tubb-songar
- Leon Payne-songar
- Elvis Presley-songar
- Roger Whittaker-songar
- Jerry Lee Lewis-songar
- George Jones-songar
- Willie Nelson-songar
- Ray Price-songar
- Nummer-ein-singlar i Irland