I'll Remember You
Utsjånad
I'll Remember You Song av Kui Lee frå albumet The Extraordinary Kui Lee | ||
Utgjeve | 1966 | |
Komponist | Kui Lee | |
Låtskrivar(ar) | Kui Lee |
---|
I'll Remember You Song av Don Ho frå albumet The Don Ho Show! | ||
Utgjeve | 1965 | |
Selskap | Reprise | |
Komponist | Kui Lee |
I'll Remember You Song av Elvis Presley frå albumet Spinout | ||
Utgjeve | 1966 | |
Innspelt | 1966 | |
Komponist | Kui Lee | |
Produsent | Felton Jarvis |
«I'll Remember You» er ein song skriven av Kui Lee i 1964. Mange artistar, inkludert Elvis Presley (1966), Andy Williams, Tony Bennett, Herb Alpert og Roger Williams, har spelt inn songen, og han vart framført av Tommy Sands i 1968 Hawaii Five-O-episoden «No Blue Skies». Den kanskje mest kjende versjonen vart framført av venen til Lee, Don Ho.[1]
Dottera til Frank Sinatra, Nancy Sinatra, vitja nattklubben Honey's med nokre vener. Der høyrde ho Don Ho framføre songen, og fortalte om artisten til faren, som nettopp hadde starta sitt eige plateselskap. Don Ho og musikarane hans spelte inn den første plata for Reprise Records året etter: «Tiny Bubbles» og «I'll Remember You» på andre sida.
Innspelingar
[endre | endre wikiteksten]- 1965: Don Ho
- 1966: Elvis Presley
- 1966: Andy Williams
- 1966: Jack de Mello
- 1966: Kui Lee
- 1967: The Sandpipers
- 2007: Tia Carrere
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «I'll Remember You» frå Wikipedia på engelsk, den 4. desember 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Enomoto, Catherine Kekoa. «Kui Lee: 'One of the all-time geniuses of Hawaii.'» Honolulu Star-Bulletin. May 15, 1997