Georgia on My Mind
Georgia on My Mind Singel av Hoagy Carmichael and his Orchestra | ||
B-side |
One Night in Havana | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1930 | |
Innspelt | 15. september 1930 | |
Studio | 155 E 24th Street, New York City | |
Sjanger | Tradisjonell pop | |
Selskap | Victor | |
Komponist | Hoagy Carmichael | |
Tekstforfattar | Stuart Gorrell |
«Georgia on My Mind» er ein song frå 1930 skriven av Hoagy Carmichael og Stuart Gorrell og først spelt inn det året. Han er ofte assosiert med Ray Charles, som var fødd i Georgia, og som spelte inn songen i 1960 for albumet The Genius Hits the Road. I 1979 vart Ray Charles-versjonen av songen den offisielle statssongen til staten Georgia.[1][2]
Bakgrunn og komposisjon
[endre | endre wikiteksten]Det er sagt at Hoagy Carmichael skreivsongen om systera si, Georgia.[3] Men Carmichael skreiv i den andre sjølvbiografien sin Sometimes I Wonder at saksofonisten Frankie Trumbauer hadde bede han om å skrive ein song om staten Georgia. Han skal på spøk ha bidrege frivillig med dei to første orda, «Georgia, Georgia...», som Carmichael enda opp å bruke då han arbeidde på songen med romkameraten sin , Stuart Gorrell, som skreiv teksten.[4][5] Namnet til Gorrell finst ikkje på opphavsretten til songen, men Carmichael sende han royalty likevel.[4]
Carmichael spelte inn «Georgia on My Mind», med Bix Beiderbecke på kornet, i New York City den 15. september 1930.[4]
Ray Charles-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Georgia on My Mind Singel av Ray Charles frå albumet The Genius Hits the Road | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | September 1960 | |
Innspelt | Mai 1960 | |
Sjanger | Soul, tradisjonell pop | |
Lengd | 3:36 | |
Selskap | ABC-Paramount | |
Komponist | Hoagy Carmichael | |
Tekstforfattar | Stuart Gorrell | |
Produsent | Sid Feller | |
Ray Charles-kronologi | ||
«Tell the Truth» (1960) |
Georgia on My Mind | «Ruby» (1960)
|
Ray Charles, som var frå Georgia, spelte inn ein versjon som gjekk til topps på Billboard Hot 100.[4]
TV-serien Designing Women, som nytta ein instrumentalversjon av «Georgia on My Mind» som kjenningsmelodi, hadde med Charles om framførste versjonen sin av songen på piano medan rollebesetninga ser på under opninga av den sjette sesongen, som gjekk på lufta i 1991-1992.
I 2003 rangerte Rolling Stone Ray Charles-versjonen av «Georgia on My Mind» på 44. plassen over dei 500 beste songane gjennom tidene.[4][6]
Liste (1960–61) | Plassering |
---|---|
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[7] | 47 |
UK Singles (Official Charts Company)[8] | 24 |
US Billboard Hot 100[9] | 1 |
Liste (2013) | Plassering |
---|---|
Frankrike (SNEP)[10] | 117 |
The Hawks/The Band-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Songen vart framført av Ronnie Hawkins and The Hawks[4] der han vart sungen av pianisten Richard Manuel etter 1964. Då The Hawks var oppløyst og The Band vart skipa, heldt dei fram å spele inn songen. Dei spelte inn ein studioversjon av songen i høve presidentkampanjen til Jimmy Carter i 1976. Han kom ut på singel det året og i 1977 på albumet Islands.[11]
Willie Nelson-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Willie Nelson spelte inn songen[4] på Stardust, eit album frå 1978 med standardsongar. Songen kom ut på singel og gjekk til topps på countrysingellista i USA i 1978 og låg seksten veker inne på denne lista.[12]
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1978) | Plassering |
---|---|
US Country Songs (Billboard)[13] | 1 |
US Billboard Hot 100[14] | 84 |
Canadian RPM Country Tracks | 1 |
Canadian RPM Top Singles | 86 |
Canadian RPM Adult Contemporary Tracks | 16 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Georgia on My Mind» frå Wikipedia på engelsk, den 15. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Georgia Secretary of State | State Song». Archive.org/Georgia Secretary of State. 5. september 2008. Arkivert frå originalen 5. september 2008. Henta 15. september 2020.
- ↑ «History – Joint Resolution of the Georgia General Assembly designating «Georgia on My Mind» – GeorgiaInfo». georgiainfo.galileo.usg.edu. 24. april 1979. Henta 3. juni 2017.
- ↑ Fox, Cen. «Georgia On My Mind by Ray Charles in Georgia». Song Places. Arkivert frå originalen 11. april 2018. Henta 15. september 2020.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Gioia, Ted (2012). The Jazz Standards: A Guide to the Repertoire. New York City: Oxford University Press. s. 122–124. ISBN 978-0-19-993739-4.
- ↑ Carmichael, Hoagy; Longstreet, Stephen (1976). Sometimes I Wonder: The Story of Hoagy Carmichael (Repr. d. Ausg. New York 1965. utg.). New York: Da Capo. ISBN 9780306708091.
- ↑ «500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. 7. april 2011. Arkivert frå originalen 10. januar 2018. Henta 15. september 2020.
- ↑ "Ultratop.be – Ray Charles – Georgia on My Mind" (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- ↑ "Charles?f=379&g=Singles Ray Charles Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Ray Charles. Prometheus Global Media.
- ↑ "Lescharts.com – Ray Charles – Georgia on My Mind" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
- ↑ Morris, Chris, Liner Notes to Islands CD release
- ↑ «Georgia on My Mind (song by Willie Nelson)». musicvf.com. 27. mai 1978. Henta 15. september 2020.
- ↑ "Nelson?f=357&g=Singles Willie Nelson Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Willie Nelson. Prometheus Global Media.
- ↑ "Nelson?f=379&g=Singles Willie Nelson Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Willie Nelson. Prometheus Global Media.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]45: «Heartbreak Hotel» Elvis Presley |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 44 «Georgia on My Mind» Ray Charles |
43: «Tutti-Frutti» Little Richard |
- Songar frå 1930
- Jazzstandardar frå 1930-åra
- Songar med musikk av Hoagy Carmichael
- Ray Charles-songar
- Songar på toppen av Billboard-lista
- Songar på toppen av Billboard Hot Country Songs-lista
- Grammy Hall of Fame Award
- Songar om delstaten Georgia
- ABC Records-singlar
- Columbia Records-singlar
- EMI Records-singlar
- Victor Records-singlar
- Popstandardar
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone
- The Band-songar
- Willie Nelson-songar
- Louis Armstrong-songar
- Billie Holiday-songar
- Dean Martin-songar
- Bing Crosby-songar
- Eddy Arnold-songar
- Charlie Byrd-songar
- Brenda Lee-songar
- Pat Boone-songar
- Patti Page-songar
- Ella Fitzgerald-songar
- The Righteous Brothers-songar
- Chubby Checker-songar
- Jackie Wilson-songar
- The Spencer Davis Group-songar
- Tom Jones-songar
- Rick Nelson-songar
- James Brown-songar
- Tim Hardin-songar
- Gladys Knight & The Pips-songar
- Jerry Lee Lewis-songar
- Georgie Fame-songar
- Michael Bolton-songar
- Deep Purple-songar
- Peggy Lee-songar
- Van Morrison-songar
- Jools Holland-songar
- Eric Clapton-songar
- Michael Bublé-songar
- Chet Atkins-songar
- Ronnie Milsap-songar
- Annie Lennox-songar
- Herbie Mann-songar
- Hank Marvin-songar
- Grover Washington Jr.-songar
- Milt Buckner-songar