Faded Love
Faded Love Song av Bob Wills and His Texas Playboys | ||
Låtskrivar(ar) | Bob Wills/John Wills/Billy Jack Wills |
---|
«Faded Love» er ein Western swing-song skrive av Bob Wills, faren John Wills,[1] og broren Billy Jack Wills. Melodien kom frå ein ballade frå 1856, «Darling Nelly Gray», som John Wills kjende som ein felemelodi.[2][3] «Faded Love» er ein sentimental song om tapt kjærleik. Namnet kjem frå refrenget som følgjer kvart vers:
- I remember our faded love.
Songen vart ein stor hit for Bob Wills and The Texas Playboys (MGM K10786) og nådde åttandeplassen på countrylista i 1950.[4] Songen vart ein av signaturlåtane hans.
Leon McAuliffe hadde to hittar på topp 40 med «Faded Love», begge nådde 22. plassen. Den førstnemnde var ein instrumentalversjon, og den sistnemnde eit samarbeid med Tompall & the Glaser Brothers.[5] I 1962 vart songen òg ein liten hit for Jackie DeShannon, som nådde 97. plassen på Billboard Hot 100.
Songen vart ein større suksess då Patsy Cline spelte inn songen i 1963. Versjonen hennar vart ein hit, og nådde sjuandeplassen på den amerikanske countrylista, men berre 96. plassen på Billboard Hot 100. Sidan Cline kort tid etter mista livet ein flystyrt, vart ikkje versjonen hennar gjeven ut på album. I staden kom han seinare ut på Patsy Cline's Greatest Hits i 1967.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- 1966: Harry James spelte inn ein versjon i 1966 på albumet Harry James & His Western Friends (Dot DLP 3735 og DLP 25735).
- 1968: Countrysongaren (venen til Cline) Dottie West spelte inn «Faded Love» for albumet hennar Country Girl.
- 1969: Countrysongaren Conway Twitty spelte inn songen for albumet You Can't Take the Country Out of Conway.
- 1970: Elvis Presley spelte inn songen i Nashville og gav han ut på albumet Elvis Country. Eit konsertopptak kom ut på albumet Takin' Tahoe Tonite.
- 1971: Delaney & Bonnie gav ut ein gospelaktig versjon på albumet Motel Shot.
- 1973: Doug Sahm spelte inn songen i New York for Doug Sahm and Band.
- 1974: Barefoot Jerry gav ut «Faded Love» på albumet deira Watchin' TV (With the Radio On) (Monument Records).
- 1976: The Flying Burrito Brothers spelte inn eit konsertopptak med pedalsteelgitaristen Sneaky Pete Kleinow på vokal og Gib Guilbeau på fele. Denne vart ikkje gjeven ut før i 2002 på Red Album. Det er den einaste offisielle utgjevinga med Kleinow på solovokal.
- 1979: Hal Casey spelte inn ein versjon med bandet sitt North Country.
- 1980: Songen vart populært igjen som ein duett mellom Ray Price og Willie Nelson. Crystal Gayle syng harmonivokal på refrenget. Denne versjonen vart den største hitten og nådde tredjeplassen på Billboard Hot Country Singles-lista i oktober 1980.
- 1985: Wall of Voodoo spelte inn ein forkorta versjon av songen for albumet deira Seven Days in Sammystown.
- 2001: Marco T, ein columbiansk songar, spelte inn songen på spansk.
- 2015: Asleep at the Wheel og Time Jumpers for albumet Still the King: Celebrating the Music of Bob Wills and His Texas Playboys.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Faded Love» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- McWhorter, Frankie. Cowboy Fiddler in Bob Wills' Band. University of North Texas Press, 1997. ISBN 1-57441-025-3
- Whitburn, Joel. The Billboard Book of Top 40 Country Hits. Billboard Books, 2006. ISBN 0-8230-8291-1
- ↑ San Antonio Rose - The Life and Music of Bob Wills. Charles R. Townsend. 1976. University of Illinois. page 11. ISBN 0-252-00470-1
- ↑ Wolff, Country Music, s. 112: «It ['Faded Love'] originated with western swing pioneer Bob Wills, who grew up in the 1910s and 1920s fiddling in rural Texas with his father, John Wills. They wrote the melody together when Bob was very young; it wasn't until 1950 that the song gained lyrics, courtesy of Bob's younger brother, Billy Jack.»
- ↑ McWhorter, Cowboy Fiddler, s. 61: «And he [Boyd Rogers] played a tune called 'Forsaken Lover.' It's note-for-note the same as 'Faded Love.' Bob took that old tune and slowed it down and put in that long Bob Wills bow, and it became 'Faded Love'.»
- ↑ Whitburn, The Billboard Book of Top 40 Country Hits, s. 393: «Rusty McDonald and The Playboy Trio (vokal)».
- ↑ Whitburn, The Billboard Book of Top 40 Country Hits, s. 218.